Steinkjer
Steinkjer | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Steinkjer | ||
Areal | 8,19 km² | ||
Folketal | 12 929 (2023) | ||
Folketettleik | 1 579 / km² | ||
Innbyggjarnamn | steinkjerbygg | ||
Preposisjon | på Steinkjer | ||
Steinkjer 64°00′53″N 11°29′39″E / 64.0147°N 11.4942°E | |||
Wikimedia Commons: Steinkjer (town) |
Steinkjer (sørsamisk: Stïentje) er ein by og administrasjonssenteret i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg inst i Trondheimsfjorden og har 12 929 innbyggjarar per 1. januar 2023. Steinkjer er sete for fylkesadministrasjonen i Trøndelag.
Steinkjer er tilgjengeleg med båt, noko som har gjort det lettare å drive handel til og frå byen. I dag går E 6 gjennom byen, og jernbanestrekninga Trønderbanen har sin endestasjon her. Nordlandsbanen har stopp i Steinkjer på veg mellom Trondheim og Bodø. Bygrensa går i nord ved Eggevammen og i sør ved Figga.
Økonomien i byen bygger i stor grad på industri og jordbruk.
Steinkjer fekk bystatus i 1857. Byen brann ned 1900 og mykje byggverk i tre forsvann, men vart bygd opp att i jugendstil. Den 21. og 22. april 1940 vart byen bomba og på ny lagt i ruinar. Etter den andre verdskrigen vart byen bygd opp att med etterkrigsarkitektur i funkis-stil. Steinkjer med byane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum som var på sitt største for om lag 1000 år sidan. Det er gjort fleire arkeologiske funn i området.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Steinkjer» frå Wikipedia på svensk, den 4. juli 2012.