Sjeksna
Utsjånad
Sjeksna | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 19 000 km² | ||
Lengd | 139 km | ||
Middelvassføring | 172 m³/s | ||
Kjelde | Belojesjøen | ||
Munning | Volga | ||
Sjeksna 60°04′00″N 38°00′00″E / 60.066666666667°N 38°E | |||
Wikimedia Commons: Sheksna River |
Sjeksna (russisk Шексна) er ei elv i Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 139 km lang og har eit nedslagsfelt på 19 000 km². Elva har ei middelvassføring på 172 m³/s 28 km frå munningen.
Elva spring ut frå Belojesjøen og ho munnar ut i Vologa via Rybinsk-reservoaret ved byen Tsjerepovets. Elva er no 139 km lang, men før dei nedre delane vart ein del av Rybinsk-reservoaret var ho rundt 400 km lang og rann saman med Volga ved Rybinsk. Sjeksna er ein del av Volga-Austersjø-kanalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Шексна (река)» frå Wikipedia på russisk, den 23. oktober 2008.