Sivas
Sivas | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Sentral-Anatolia | ||
Provins | Sivas | ||
Høgd | 1 285 moh. | ||
Koordinatar | 39°45′N 37°01′E / 39.750°N 37.017°E | ||
Folketal | 425 297 | ||
- storby | 627 056 | ||
Borgarmeister | Doğan Ürgüp | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 58XXX | ||
Retningsnummer | (+90) 346 | ||
Bilnummer | 58 | ||
Sivas 39°45′00″N 37°01′00″E / 39.75°N 37.016666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sivas | |||
Nettstad: www.sivas.bel.tr |
Sivas (tidlegare Sebaste og i antikken Sebasteia) er ein by aust i det sentrale Tyrkia og administrativt sete for provinsen Sivas. Byen har kring 425 000 innbyggjarar og ligg 350 km aust for Ankara.
Byen ligg 1285 meter over havet i ein vid dal som elva Kızılırmak renn gjennom og er eit handels- og industrisenter, sjølv om økonomien tradisjonelt sett har vore basert på jordbruk. Sivas er òg eit vegknutepunkt for vegane nord-sør og aust-vest til Irak og Iran. Byen har hatt universitet sidan 1974.
Sivas, det romerske Sebasteia, var ein viktig by i romersk, bysantinsk og seldsjukkisk tid. Tidlegare var det ei stor armensk folkesetnad her, fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen. Nasjonalistkongressen i Sivas september 1919 innleia revolusjonen til Kemal Atatürk, som leia fram til grunnlegginga av det moderne Tyrkia .
Klima
[endre | endre wikiteksten]Sivas har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dsa), med varme og tørre somrar og kalde og snørike vintrar. Dei tørraste månadane er juli og august og dei våtaste er april og mai.
Vêrdata for Sivas | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 14,6 | 17,3 | 25 | 29 | 32 | 35,2 | 40 | 39,4 | 34,6 | 30,3 | 22,8 | 19,4 | 40 |
Gjennomsnittleg maks °C | 0,8 | 2,6 | 8,4 | 15,3 | 19,9 | 24,1 | 28,1 | 28,6 | 24,8 | 18,4 | 10,3 | 3,3 | 15,4 |
Gjennomsnittleg min °C | −7,3 | −6 | −1,6 | 3,6 | 7,3 | 10,2 | 12,5 | 12,2 | 8,7 | 4,7 | −0,3 | −4,4 | 3,3 |
Lågast målte °C | −34,6 | −29,6 | −27,6 | −8,7 | −2 | 1 | 4,8 | 4 | −0,6 | −8 | −21 | −27 | −34,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 40,1 | 38,3 | 46 | 65,7 | 60,3 | 33,9 | 11,2 | 7,6 | 18,3 | 37,8 | 41,6 | 43,9 | 444,7 |
Gns. luftfukt (%) | 77 | 77 | 72 | 64 | 61 | 57 | 53 | 52 | 54 | 62 | 72 | 76 | 65 |
Gns. solskinstimar i månaden | 77,5 | 95,2 | 151,9 | 186 | 257,3 | 318 | 372 | 359,6 | 291 | 198,4 | 120 | 71,3 | 2 498,2 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Klima og temperatur [2] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sivas» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: