Schellenberg
Schellenberg | |||
by | |||
|
|||
Land | Liechtenstein | ||
---|---|---|---|
Areal | 3,5 km² | ||
Folketal | 1 091 (30. juni 2019)[1] | ||
Schellenberg 47°13′42″N 9°32′22″E / 47.22833°N 9.53951°E | |||
Schellenberg i Liechtenstein.
| |||
Wikimedia Commons: Schellenberg |
Herrschaft Schellenberg Herskapet Schellenberg | ||||
Stat i Det tysk-romerske riket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hovudstad | Schellenberg, Vaduz | |||
Styreform | Fyrstedøme | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Erobra av Romarriket | 15 fvt. | |||
- Grevskapet oppretta av Karl den store |
tidleg 800-talet | |||
- Kjøpt av grevane av Vaduz |
1437 | |||
- Erobra, med Vaduz av Austerrike |
1499 | |||
- Liechtenstein-dynastiet fekk fyrstestatus |
1706 | |||
- Overtatt av Liechtenstein-dynastiet | 1719 |
Schellenberg er ein kommune i det lågareliggande området av Liechtenstein, ved breidda av Rhinen. I 2019 hadde han 1 091 innbyggjarar, og dekkjer eit areal på 3,5 km².
Soge
[endre | endre wikiteksten]Området vart ført busett av keltarar, så av raetiarar. Romarriket erobra området i 15 fvt. og det vart ein del av provinsen Raetia. Provinsen vart seinare eit grevskap under Karl den store. Grevskapet vart fleire gonger delt mellom arvingane.
Herskapet Schellenberg vart kjøpt av grevane av Vaduz i 1437 og dei to statane har vore samla sidan den gong. Etter den schwabiske krigen i 1499 kom begge under Austerrike sin kontroll. Forskjellige herskapsfamiliar kjøpte og selde dei før dei vart kjøpt av Lichtenstein-familien tidleg på 1700-talet. Dei hadde fått fyrstestatus i 1706, men trong eit område nær keisardømet for å kunne stemme i riksdagen til fyrstane i riket. Keisaren slo formelt saman Vaduz og Schellenberg i 1719 som Fyrstedømet Liechtenstein.
I kommunen er det eit monument ved grenselandsbyen Hinterschellenberg til minne om dei russiske soldatane som fekk asyl her.[2] Mot slutten av den andre verdskrigen gav Liechtenstein asyl til om lag fem hundre soldatar frå Russland, som hadde støtta tyske Wehrmacht. Dette var ikkje ei enkel sak for det fattige landet som hadde vanskar med å fø og ta vare på sine eigne innbyggjarar. Til slutt valde Argentina å ta i mot asylsøkjarane. Britane sende heim russarane dei hadde fanga som hadde kjempa på tysk side tilbake til Sovjetunionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Schellenberg» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2008.