Saturnmånen Kiviuq
Utsjånad
Kiviuq er ein av månane til Saturn. Han er medlem av Den inuittiske gruppa, og er truleg eit objekt som har vorte fanga inn av Saturn. Kiviuq har ein snittradius på kring 8 km.
Kiviuq vart oppdaga 7. august 2000 av Brett J. Gladman, John J. Kavelaars, Jean-Marc Petit, Hans Scholl, Matthew J. Holman, Brian G. Marsden, Phillip D. Nicholson og Joseph A. Burns ved Det europeiske sørobservatoriet i Chile.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Kiviuq: Overview» Arkivert 2012-12-11 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration