Sandøy kommune
- «Sandøy» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sandøy (fleirtyding).
Sandøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Steinshamn | ||
Areal | 20 km² | ||
• vatn | 0,0702015200161747 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Oddvar Myklebust (Ap) | ||
Kommunenr. | 1546 | ||
Sandøy kommune 62°45′40″N 6°27′05″E / 62.761111111111°N 6.4513888888889°E | |||
Kart som viser Sandøy kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sandøy | |||
Nettstad: www.sandoy.kommune.no |
Sandøy kommune er ein tidlegare norsk kommune på Romsdalskysten i Møre og Romsdal fylke. Arealet inngår no i Ålesund kommune. Kommunen grensa til Haram i sør, til Midsund i aust og til Aukra i nord. Sandøy kommune vart danna i 1867, då han vart skild ut frå Aukra kommune. Kommunegrensene har vore uendra sidan 1965, då Sandøy fekk overført delane av Harøya som høyrde til Haram kommune. 1. januar 2020 vart Sandøy ein del av nye Ålesund kommune.
Sandøy var den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. Næringslivet i kommunen har tradisjonelt vore prega av fiske. I dei seinare åra har reiselivsnæringa vore i vekst. Administrasjonssenteret i kommunen er Steinshamn, som ligg nord på Harøya. Kyrkjene i Sandøy kommune er Sandøy kyrkje på Sandøya og Harøy kyrkje på Harøya.
Lokalavisa er Haramsnytt, som kjem ut to dagar i veka.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Sandøy består av mange øyar og er kommunen med minst flatevidd av kommunane i Møre og Romsdal. Flesteparten av øyane i kommunen er flate og myrlendte, og seks av desse øyane er busette. Harøya på 13,6 km² er den største øya i kommunen og utgjer kring 60 % av flatevidda. På denne øya ligg Steinshamn, administrasjonssenteret i Sandøy kommune, og størstedelen av folkesetnaden bur her. Ut mot havet ligg øyane Ona og Husøya, Sandøya og Finnøya ligg nordaust for Harøya, og Orta ligg heilt aust i kommunen. Det høgaste punktet i Sandøy kommune Harøyburet på 156 moh., som ligg på Harøya.
Kommunevåpen
[endre | endre wikiteksten]Kommunevåpenet til Sandøy vart godkjent 1986. Våpenet har på blå grunn tre sølv spissar som møtest på høgre skjoldkant. Motivet illuderer ljos frå fyrtårn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- John Stokkan (8. juli 2010). «Sandøy – kommune». Store Norske Leksikon. Henta 4. april 2010.
- Eirik Helleve (28. oktober 2011). «Sandøy kommune, Møre og Romsdal». Allkunne. Henta 4. april 2011.