Saeftinghe
Saeftinghe var ein by aust i Zeeuws-Vlaanderen i Nederland, nær Nieuw-Namen, som eksisterte fram til 1584. I dag er området ei myr kalla Verdronken Land van Saeftinghe og ein del av eit naturreservat. Området er ei grense for der elva Schelde møter det salte vatnet frå Nordsjøen i esturaret Westerschelde. Det er eit farleg kystområde der tidvatnet brått kan dekke store landområde.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Saeftinghe vart drenert på 1200-talet ved hjelp av klosteret Ter Doest. Fram til 1570 var området ein særs frodig polder. Jordbruk, torvbrenning og handel gjorde Saeftinghe til ein av dei mest velståande byane i regionen. Det var i tillegg tre busetnader i nærleiken, Namen, Sint-Laureins og Casuwele.
Det meste av landområde rundt byen gjekk tapt under allehelgensflaumen i 1570 (Allerheiligenvloed). Fire år seinare seinare vart landområda innover til det som i dag er Belgia lagt under vatn, og berre Saeftinghe og nokre omliggande landområde vart verande tørre.
I 1584, under åttiårskrigen, såg nederlandske soldatar seg nøydde til å øydelegge det siste intakte diket og Saeftinghe vart lagt under vatn. Det har vore mange forsøk på å vinne tilbake dei tapte landområda i åra etter. Det mest seriøse forsøket var i 1907, men sjølv då vart berre Hertogin Hedwige-polder oppretta.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Het Zeeuwse Landschap Arkivert 2008-01-12 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Saeftinghe» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.