Hopp til innhald

Sacco og Vanzetti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sacco (til høgre) og Vanzetti i handjern

Nicola Sacco (189123. august 1927) og Bartolomeo Vanzetti (1888–23. august 1927) var to italienske anarkistar som blei avretta i elektrisk stol for påstått væpna ran og drap i Massachusetts i USA. Mange både i USA og andre land meinte dei to arbeidarane var uskuldige og offer for politisk forfølging. Da dei blei arresterte i 1920 var det ein sterk frykt for «kommunisme» i USA («The Red Scare»). Verken Sacco eller Vanzetti var kommunistar, men dei var kjende for styresmaktene som anarkistar, fagforeiningsforkjemparar og krigsmotstandarar. Og i tillegg var dei innvandrarar.

Vanzetti sa det slik i sin siste tale under rettssaka

«I would not wish to a dog or a snake, to the most low and misfortunate creature of the earth — I would not wish to any of them what I have had to suffer for things that I am not guilty of. But my conviction is that I have suffered for things that I am guilty of. I am suffering because I am a radical, and indeed I am a radical; I have suffered because I was an Italian, and indeed I am an Italian...»

Det var ein stor internasjonal kampanje for å få sett dei fri, med mange kjende namn, men utan resultat. Etter sju år i fengsel blei dei to avretta med elektrisitet. Det er sidan blitt påstått at Sacco kan ha vore skuldig, men Vanzetti uskuldig. Rettssaka heldt likevel ikkje mål, da begge blei dømde etter dei same påståtte bevisa. Den 23. august 1977, akkurat 50 år etter avrettinga, erklærte guvernør Michael Dukakis i Massachusetts dommen oppheva.[1]

I 1971 blei saka filmatisert under leiing av den italienske regissøren Giuliano Montaldo, i ein film med tittelen Sacco e Vanzetti.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Bill Bryson En sommer - USA 1927 s. 341, Oslo (2013) Gyldendal