Ruhama
Ruhama | |||
רֻחָמָה, רוחמה | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sha'ar HaNegev | ||
Koordinatar | 31°29′48.04″N 34°42′20.3″E / 31.4966778°N 34.705639°E | ||
Folketal | 577 (2015) | ||
Grunnlagd | 1911 (original busetjing) 1944 (dagens busetjing) | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Ruhama 31°29′48″N 34°42′20″E / 31.496677777778°N 34.705638888889°E | |||
Kart som viser Ruhama.
| |||
Wikimedia Commons: Ruhama |
Ruhama (hebraisk skrift רֻחָמָה, tyder «Miskunn») er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Den opphavlege busetjinga vart grunnlagd i 1911, og vert rekna som den første moderne, jødiske busetjinga i Negev.[1]
Han ligg kring ti kilometer aust for Sderot og er omgjeve av eit naturreservat i Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 399 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ruhama vart først grunnlagd i 1911, på land som var kjøpt same året av «Leivningar av Israel» (hebraisk skrift שארית ישראל), som vart starta av russiske jødar i Moskva, leia av Simon Velikovskij, far til Immanuel Velikovskij,[2] for å investere pengar i jødiske jordbrukssamfunn. Namnet kjem frå den bibelske boka Hosea, vers 1:6[3] og frå verset: «Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!» (Hos. 2:23)».[4] Det vart grave ein artesisk brunn i 1912, og ein fann rikeleg med vatn på ei djupne 50 meter under bakken.»[2] Gruppa inkluderte òg medlemmar av den sosialistiske sionist-rørsla Hashomer Hatzair. Men dei første nybyggjarane vart drivne ut av Det osmanske riket i 1917. Ein forfallen museumsbygning er alt som er att etter den opphavlege busetnaden.[1]
Den artesiske brunnen gjorde at dei allierte styrkane under general Allenby valde Ruhama som hovudkvarter då den britiske hæren og den jødisk-amerikanske legionen erobra Palestina.[2]
HaShomer brukte Ruhama som sin base langs Gaza-Beersheva-linja.[5]
To forsøk på å gjenopprette busetnaden under Det britiske mandatet vart hindra av arabiske opprør i 1929 og 1936. Kibbutzen vart til slutt grunnlagd på ny med suksess i 1944 og voks til eit folketal på 399.
Filmen Sweet Mud (2006) vart filma i Ruhama og Nir Eliyahu.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ruhama» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- From Fighters to Soldiers: How the israelske Defense Forces Began Written by Yaacov N. Goldstein, Published 1998 Sussex Academic Press,ISBN 1-902210-01-8, Page 68 tells story of Ruhama farm as southern base for HaShomer
- Building Together for Peace and Development article by Ruth Seligman, for Israelsk utanriksdepartement; mentions kibbutz Ruhama as residential center for Negev Institute for Strategies in Peace and Development (NISPED).
- ↑ 1,0 1,1 Kna'ani, Eliyahu (1981). Ruhama, the first Jewish settlement i Negev. Yad Ben Zvi. Henta 5. september 2015. (he)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Velikovsky, Immanuel (1946) The Story of Ruhama New York Times, 19. september 1946
- ↑ Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel compiled from various sources. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962 (Israel statsminister’s Office. The israelske Program for Scientific Translations) s.167 (Plasseringa til boka: Ben Zvi Institute Library, 12 Abarbanel St., Jerusalem; i nettkatalogen: [1]
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.403 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
- ↑ Goldstein, Yaacov N. and Jacob (1998). From Fighters to Soldiers: How the israelske Defense Forces Began. Sussex Academic Press, Israel. s. 68. ISBN 1-902210-01-8.
- ↑ Sweet Mud sheds new light on old kibbutz life Ynetnews
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ruhama Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. Negev informmasjonssenter
- kibbutz Ruhama site by Kenny Sahr, with pictures of kibbutzen