Robby Krieger
Utsjånad
Robby Krieger | |||
| |||
Fødd | 8. januar 1946 Los Angeles i California, USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Robert Alan Krieger | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Psykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock | ||
Instrument | Gitar, vokal, munnspel | ||
Kjende instrument | Gibson SG | ||
Tilknytte artistar | The Psychedelic Rangers, The Doors, The Butts Band, Manzarek-Krieger | ||
Plateselskap | Elektra | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Robert Alan «Robby» Krieger (fødd 8. januar 1946) er ein amerikansk rockegitarist og låtskrivar. Han var gitarist i The Doors, og skreiv somme av dei mest kjende songane til bandet, som «Light My Fire», «Love Me Two Times», «Touch Me» og «Love Her Madly». Han var med i bandet frå danninga til gruppa i 1965 til oppløysinga i 1973, to år etter vokalisten Jim Morrison døydde.
Han vart av Rolling Stone kåra til den 91. beste gitaristen gjennom tidene.[1]
Krieger har dei seinare åra turnert med gruppa Riders on the Storm saman med The Doors-kollega Ray Manzarek og The Cult-vokalist Ian Astbury. Gruppa spela på Rockefeller i Oslo 7. januar 2007.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]The Doors
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå The Doors#Diskografi.
Solo
[endre | endre wikiteksten]- Robby Krieger & Friends (1977)
- Versions (1983)
- Robby Krieger (1985)
- No Habla (1989)
- Door Jams (1989)
- Cinematix (2000)
- Singularity (2010)
The Butts Band
[endre | endre wikiteksten]- The Butts Band (1974)
- Hear and Now (1975)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Robby Krieger» frå Wikipedia på engelsk, og «Robby Krieger» frå Wikipedia på bokmål den 16. mars 2011.
- ↑ «The 100 Greatest Gitarists of All Time». Rolling Stone. 23. august 2003. Arkivert frå originalen 14. mars 2008. Henta 17. mars 2011.