RS «Sørlandsskøyta»
Utsjånad
RS 58 «Sørlandsskøyta» | ||
Verft: | Trosvik Verksted, Brevik | |
Konstruktør: | Richard G. Furuholmen | |
Byggjeår: | 1956 | |
Byggjepris: | 225 000 kroner | |
Oppkalla etter: | Sørlandet | |
Finansiering: | Innsamling på Sørlandet. | |
Eigenskapar | ||
Materiale: | Stål, aluminium styrhus | |
Lengde: | 13,00 meter | |
Breidde: | 4,03 meter | |
Djupgåande: | 1,55 meter | |
Motor år: | 1956 | |
Motor: | 95 hk Alfa diesel | |
Ny motor år: | 1968 | |
Ny motor: | 170 hk | |
Fart: | 8 knop | |
Mannskap: | 2 | |
Statistikk | ||
Sett inn i teneste: | 1956 | |
Ut av teneste: | 1987 | |
Menneskeliv berga: | 8 | |
Fartøy berga: | 7 | |
Fartøy assistert: | 116 | |
RS 58 «Sørlandsskøyta» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1956. Ho var den første redningsskøya bygd i stål. Ho vart konstruert av Richard G. Furuholmen og bygd ved Trosvik Verksted i Brevik. Liksom RS «Oslokjøpmannen» var «Sørlandsskøyta» bygd til utrykkningsfartøy. «Sørlandsskøyta» var noko større enn Oslokjøpmannen. Ho fekk same type motor, ein 95 hk Alfa diesel. Farten var 8 knop.
«Sørlandsskøyta» fekk dette namnet fordi byggesummen, Kr 225000, vart innsamla på Sørlandet. Ho var for det meste stasjonert på Flekkerøya.
Etter å ha vore øvingsfartøy for Redningsselskapet nokre år, vart ho seld i 1988. Ho hadde då redda 8 personar frå ein sikker daude, og berga eller assistert 123 fartøy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002