Hopp til innhald

Periode i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein periode i geologi er eit tidsavsnitt i jorda si historie. Periodane varer mellom 20 og 200 millionar år og er ein del av ein geologisk æra, som igjen er ein del av eit eon. Periodane vert igjen delt inn i epokar, som igjen vert delt inn i geologisk alder eller stadium.

Fanerozoikum er den yngste av eona og vert t.d. vanlegvis delt inn i tre æraer og elleve periodar. Ein av æraene er paleozoikum, som er delt inn seks periodar vist i tabellen til høgre.

Vitskapen som forskar på og definerer periodar er stratigrafien.

Eit system omfattar lagrekkja som vart danna under den tilsvarande perioden.