Pave Pius IX
Pius IX | |||
| |||
Pius IX | |||
Dåpsnamn | Giovanni Maria Mastai Ferretti | ||
---|---|---|---|
Fødd | 13. mai 1792 Senigallia | ||
Død | 7. februar 1878 Vatikanpalasset, Roma | ||
Innsett | 21. juni 1846 | ||
Saligkåra: | 3. september 2000 | ||
Føregangar: | Gregor XVI | ||
Etterfylgjar: | Leo XIII |
Den salige Pius IX, født Giovanni Maria Mastai Ferretti (13. mai 1792–7. februar 1878), var pave frå 1846 til han døydde i 1878. Han var pave i 31 år, som då var lengre enn nokon annan pave sidan apostelen Peter.
Pave Pius IX blei fødd i Senigallia som del av adelsfamilien Girolamo dei conti Ferretti. Han blei utdanna i Volterra og Roma. Som ung ønska han å bli del av den pavelege vaktstyrken, men blei avvist ettersom han hadde epilepsi. Han byrja då i staden å studera teologi ved eit romersk presteseminar. Han blei presteordinert i april 1819 og arbeidde som rektor ved Tata Giovanni Institute i Roma før han blei send til Chile og Peru i 1823 og 1825 for å assistere den apostoliske nuntiusen, Giovanni Muzi, i si første misjonsreise til det etter-revolusjonære Sør-Amerika.[1] Då han kom tilbake til Roma, blei han leiar for sjukehuset San Michele i Roma (1825–1827) og kannik ved Santa Maria in Via Lata.
Han blei erkebiskop av Spoleto i 1827, berre 35 år gammal.
Då han blei vald til pave, var det store forventingar knytt til pontifikatet hans; Pius blei oppfatta som politisk liberal. Men då Kyrkjestaten blei innlemma i den nye italienske nasjonalstaten, flykta han frå Roma i 1848, og kom ikkje tilbake før i 1850. Då etablerte han seg i Vatikanet, og kalla seg sjølv «fangen i Vatikanet». Først i 1929 blei konflikten mellom paven og staten Italia løyst ved at Vatikanstaten blei oppretta.
Paven heldt det Første vatikankonsilet i 1869-70, som er best kjend for å vedta dogmet om at paven er ufeilbarleg.
Han var rekna som djupt from, og blei saligkåra i 2000.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pius IX» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2018.