Obo
Obo | |||
| |||
Klassifisering | obofamilieinstrument | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 422.112-71 |
Obo, forkorta uttale av det franske ordet hautbois, samansett av haut (høg) og bois (treverk), er eit treblåseinstrument som nyttar dobbelt røyrblad og er stemd i C. Han vart utvikla frå skalmeiene som var mykje brukt i mellomalderen og renessansen. Oboen vart til tidleg på 1600-talet og er difor eit av dei eldste instrumenta i treblåsfamilien. Namnet obo kjem frå det franske hautbois som tyder 'høgt' eller 'ljost tre'. På 1700-talet vart ein annan variant av oboen òg brukt, og denne varianten vart kalla «obo d'amore». Ein som speler obo er kalla ein «oboist».
Oboen er om lag 60 cm lang, og ein får dei ulike tonane ved å tette eller opne klaffar. På 1800-talet vart klaffesystemet støtt utvikla til det systemet oboen har i dag. Oboen var eit av de fyrste treblåsinstrumenta som fekk fast plass i symfoniorkesteret.
Ljod
[endre | endre wikiteksten]Ljoden til oboen er klår og trengjer lett gjennom andre instrument, noko som kjem av at oboen nyttar dobbelt røyrblad og at instrumentet er kjegleforma, til skilnad frå til dømes fløyter og klarinettar som er sylinderforma. Grunna det doble røyrbladet kan berre små endringar i munnstillinga skape store skilnader i klangen. I samspel blir oboen ofte brukt som det instrumentet som gjev stemmetonen fordi han trengjer så lett gjennom anna instrument. Ljoden er skildra som «ei and dersom anda var ein songfugl».[1]
Soge
[endre | endre wikiteksten]Antikken
[endre | endre wikiteksten]Allereie frå antikken av kan ein finne forfedrane til oboen i ymse kunstverk. Tidlege variantar av oboen famnar om egyptiske zurnaer, greske aulosar, både enkle og doble, og tilsvarande instrument. Ein finn òg tidlege oboliknande instrument frå fleire stader i Asia.[2] Seinare kom skalmeia som vart oppfunne på 1200-talet og er den direkte forfaren til oboen. Ho kom til Europa under krosstoga og vart nytta som uteinstrument.
Barokken
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste barokkoboen dukka opp i Frankrike midt på 1600-talet. Då vart han kalla hautbois, sjølv om namnet òg vart nytta på føregangaren, skalmeia.[3] Forma til oboen kom frå skalmeia, men det var visse skilnader mellom dei to instrumenta. Til dømes var barokkoboen delt opp i tre ledd, noko som gjorde tilverkinga av oboen meir presis. På oboen tok ein òg bort piruetten, eit trestykke plassert mellom instrumentkroppen og røyrbladet som gav skalmeiene meir volum. Den sistnemnde skilnaden gav oboen ein meir kontrollert og raffinert ljod, og var difor kanskje meir enn noko anna grunnen til at han fekk ein varig plass i orkesteret.
Tid, stad og opphavsmann til barokkoboen er uklåre. Nokre spor, som ei utsegn frå Michel de la Barre i hans Memoire, peiker i retning av Filidor- og Hotteterre-familiene. Oboen kan i røynda ha fleire ulike oppfinnarar.[4] Barokkoboen breidde seg raskt utover Europa, og i England vart han kalla hautboy, hoboy, hautboit, howboye og liknande variantar av det franske namnet.[5] I dei tidlegare militærkorpsa vart oboen til om med nytta som hovudmelodi-instrumentet, inntil klarinetten kom.[6]
Barokkoboen var som oftast laga av buksbom og hadde tre fingerhòl; eit hovudhòl og to sideklaffar (Sideklaffen var vanlegvis dobla sånn at ein kunne bruke anten venstre eller høgre på bunnhòla etter som det passa seg). For å nå ljosare tonar var oboisten difor nøydd til å overblåse instrumentet. Obomakarar i barokken det er verdt å merkje seg er den tyske Jacob Denner og Eichentopf, og dei engelske Stanesby Sr. og Jr. Registeret til barokkoboen stekte seg frå c1 til d3. Då musikarar fekk augo opne for tidlegare musikk midt på 1900-talet, byrja nokre instrumentmakarar å lage kopiar av dei overlevande barokkoboane.
Den klassisistiske perioden
[endre | endre wikiteksten]Då den klassisistiske musikkepoken kom, vart oboen gradvis smalna og utrusta med fleire klaffar, mellom anna for notane D♯, F og G♯. I denne perioden vart òg oktavklaffen føydd til slik at ein kunne spele dei ljose tonane utan å overblåse oboen. Eit smalare instrument gjorde det i tillegg enklare for oboistane å spele i det ljose registeret, noko komponistar drog fordel av og brukte oboen til dei ljose tonane. Ein kan difor sjå at toneregisteret på obostemma i klassisistiske verk strekkjer seg mykje høgare enn i til dømes barokkverk. Den klassiske oboen rekkjer frå c1 til f3, sjølv om nokre tyske og austerrikske oboar kunne spele ein halvtone lågare. Klassisistiske komponistar som skreiv konserter for obo er mellom anna Mozart, Beethoven og tallause andre komponistar som Johann Christian Bach, Johann Christian Fischer, Jan Antonín Koželuh og Ludwig August Lebrun.
Den wienesiske oboen
[endre | endre wikiteksten]Det wienesiske orkesteret Wiener Philharmoniker bruker ein såkalla wienesisk obo som vart oppfunne på byrjinga av 1900-talet av Hermann Zuleger. Der er tekne vare på slik at dei ikkje har forandra seg noko særleg fram til no. Ljoden til den wienesiske oboen er difor særprega fordi han har ljoden til oboen slik han ljodde hundre år sidan, gjennom røyrbladet, fingermekanikken og det indre kammeret som er noko annleise. No er det berre nokre få produsentar som lager den wienesiske oboen, mellom anna André Constantinides, Karl Rado, Guntram Wolf og Yamaha.
Konservatorie
[endre | endre wikiteksten]Oboen vart utvikla vidare på [800-talet av Triebert-familien i Paris. Med böhmfløyta som inspirasjon fingersystemet fann Triebert-familien opp fleire komplekse, men fullt ut fungerande system. Ein variant med store tonehol var aldri mykje brukt, sjølv om nokre europeiske militærkorps nytta det mot 1900-talet. F. Lorée i Paris laga utvikla systemet vidare til den moderne oboen. Dei vesle betringane på obosystemet har vore få, men har likevel heldt på jamnt gjennom heile 1900-talet.[7]
Den moderne oboen er vanlegvis laga av grenadill, sjølv om nokre produsentar lagar oboar av andre artar av slekten Dalbergia. Ibenholt har òg vorte nytta. Elevmodellene er ofte laga av plast, noko som gjer desse oboane mindre utsett for å sprekke opp, samstundes som dei blir billigare. I den moderne oboen er det sylindriskforma holet inni oboen særs smalt. Han blir spelt med eit dobbelt røyrblad som blir sett ned i røyrbladholet på toppen av instrumentet. Oboen sitt register strekkjer seg frå b3 til omtrent g6, over to og ein halv oktav, sjølv om obonotar normalt er skrivne mellom c4 og e♭6. Nokre studentoboar når berre ned til h3 fordi b3 knappen ikkje er der, men denne variantar blir mindre og mindre vanleg.
Ein moderne obo med heil konservatorie eller Gillet-system har heile 45 klaffar og hol, med sjanse for å leggje til ein tredje oktavklaff og ein alternativ F- eller C-klaff. Klaffane er til som oftast laga av nysølv, og er sølv- eller gullplata. Bortsett frå heil-konservatorie-systemet blir oboar laga med det engelske tommelplatesystemet. Dei fleste har «halvautomatiske» oktavklaffar som tyder at når ein speler i andre oktav så blir den fyrste lukka, og nokre har «heilautomatisk» system slik som på saksofonane. Somme heil-konservatorie-oboar har opne fingerhol i staden for klaffar som dekkjer («openhola»), og storparten av dei profesjonelle modellane har minst tredje klaff på høgre hand openhola. I Storbritannia blir konservatoriesystemet oftast nytte saman med ein tommelplate. Med denne mekanismen får oboisten det beste frå to verder om ein tenkjer på fingermekanismen.
Obofamilien
[endre | endre wikiteksten]Det er fleire medlemmer i obofamilien. Den mest kjende er engelsk horn som liknar mykje på oboen, men er noko større, stemd i F og har ein nakke mellom kroppen og røyrbladet. Han blir rekna som tenormedlemmen i obofamilien. Ein variant kalla «obo d'amore» stemd i A vart mest nytta på 1700-talet og er altmedlemmen. Meir ukjende er bassoboen og heckelfonen som båe er ein god del større enn oboen. Det finst òg pikkoloobo og kontrabassobo, men desse er særs sjeldsynte.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Oboe» frå Wikipedia på engelsk, og «Hautbois» frå Wikipedia på fransk den 6. august 2009.
- Engelsk Wikipedia nytta desse kjeldene:
- Burgess, Geoffrey; Haynes, Bruce (2004), The Oboe, The Yale Musical Instrument Series, New Haven, Conn. and London: Yale University Press, ISBN 0300093179
- Carse, Adam (1965), Musical Wind Instruments: A History of the Wind Instruments Used in European Orchestras and Wind-Bands from the Later Middle Ages up to the Present Time, New York: Da Capo Press, ISBN 0-306-80005-5
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tony Kushner (1995) Angels in America: A Gay Fantasia on National Themes Theatre Communications Group, side 149. "The same night as the end of Millennium. The sounds of wind and snow and magical Antarctic music; Mr. Lies is sitting alone, playing the oboe."
- ↑ Oboes.com History
- ↑ Burgess & Haynes 2004, s. 27
- ↑ Burgess & Haynes 2004, s. 28
- ↑ Carse 1965, s. 120
- ↑ Burgess & Haynes 2004, s. 102
- ↑ Howe 2003.