Nucleus
Nucleus | |||
Opphav | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1969–1989; 2005, 2007, 2009 (enkelt konsertar) | ||
Sjanger | Jazzrock, progressiv rock, psykedelisk rock, funk | ||
Tilknytte artistar | Soft Machine, Rendell–Carr Quintet | ||
Plateselskap | Vertigo |
Nucleus var ei britisk jazzrockgruppe som var aktiv i ulike former frå 1969 til 1989.[1] I 1970 vann bandet førsteprisen på Montreux Jazz Festival, og gav ut albumet Elastic Rock. Same året spelte dei både på Newport Jazz Festival og jazzklubben Village Gate.[2]
Bandet vart skipa av Ian Carr,[3][4] som hadde vore medlem av Rendell–Carr Quintet i midten og slutten av 1960-åra.[4] Debutalbumet Elastic Rock, og dei to neste platene, We'll Talk About It Later (1970) og Solar Plexus (1971), kom alle ut på Vertigo Records, og musikkskribenten Colin Larkin har skrive at dei var «viktige i ein kvar omfattande rock- eller jazzsamling».[1]
I august 2005 kom ei utgåve av Nucleus, med gamle og nye medlemmar, saman att for ein konsert på Cargo i London.[5] Dette vart følgd opp 30. mars 2007 av ein Nucleus Revisited-konsert på Pizza Express Jazz Club i London i høve tiårsjubileet til magasinet Jazzwise. Nucleus Revisited inkluderte Geoff Castle, Mark Wood og Tim Whitehead og på trompet, Chris Batchelor. Sjølv om Ian Carr ikkje spelte på grunn av sjukdom, var han til stades på konserten og fekk ståande applaus. 4. august 2009 spelte Nucleus Revisited på Ronnie Scott's Jazz Club i London med Michael Garrick's Quartet som ein del av den to veker lange Brit Jazz Fest.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]Til ulike tider har følgjande personar vore medlem i Nucleus:
- Ian Carr – trompet
- Chris Batchelor – trompet
- Harry Beckett – trompet
- Kenny Wheeler – trompet
- Bob Bertles – tenorsaksofon, sopransaksofon, fløyte
- Brian Smith – tenorsaksofon, sopransaksofon, fløyte
- Phil Todd – tenorsaksofon, sopransaksofon, fløyte
- Tim Whitehead – tenorsaksofon, sopransaksofon, fløyte
- Karl Jenkins – barytonsaksofon, obo, piano, elektrisk piano
- Tony Coe – klarinett, bassklarinett, tenorsaksofon
- Tony Roberts – klarinett, bassklarinett, tenorsaksofon
- Geoff Castle – piano, elektrisk piano, synthesizer
- Gordon Beck – piano, elektrisk piano
- Dave MacRae – piano, elektrisk piano
- John Taylor – organ
- Paddy Kingsland – synthesizer
- Keith Winter – synthesizer
- Allan Holdsworth – gitar
- Jocelyn Pitchen – gitar
- Ray Russell – gitar[6]
- Chris Spedding – gitar
- Roy Babbington – bassgitar
- Rob Burns – bassgitar
- Jeff Clyne – bassgitar
- Mo Foster – bassgitar
- Joe Hubbard – bassgitar
- Billy Kristian – bassgitar
- Dill Katz – bassgitar
- Rob Statham – bassgitar
- Roger Sutton – bassgitar
- Ron Mathewson – bassgitar
- Neil Ardley – trommer
- Tony Levin – trommer
- Roger Sellers – trommer
- Bryan Spring – trommer
- John Marshall – trommer
- Clive Thacker – trommer
- Richard Burgess – perkusjon
- Chris Fletcher – perkusjon
- Chris Karan – perkusjon
- Aureo de Souza – perkusjon
- Trevor Tomkins – perkusjon
- Kieran White – vokal
- Norma Winstone – vokal
- Joy Yates – vokal
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Elastic Rock (Vertigo, 1970) (UK nr. 46)[7]
- We'll Talk About It Later (Vertigo, 1971)[8]
- Solar Plexus med Ian Carr (Vertigo, 1971)
- Roots (Vertigo, 1973)
- Labyrinth med Ian Carr (Vertigo, 1973)
- Under the Sun (Vertigo, 1974)
- Snakehips Etcetera (Vertigo, 1975)
- Alleycat (Vertigo, 1975)
- In Flagranti Delicto (Contemp, 1977)
- Out of the Long Dark (Capitol, 1979)
- Awakening (Mood, 1980)
- Jazz London 29/30 med Brian Lemon (BBC, 1983)
- Live at the Theaterhaus (Mood, 1985)
- Live in Bremen (Cuneiform, 2003)
- The Pretty Redhead (Hux, 2003)
- Hemispheres (Hux, 2006)
- UK Tour '76 (Major League 2006)
- Live 1970 med Leon Thomas (Gearbox, 2014)
- Three of a Kind med Ian Carr (Gonzo, 2015)
- Bracknell Sunshine med Ian Carr (Gonzo, 2016)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nucleus (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 908. ISBN 1-85227-745-9.
- ↑ Carr, Ian; Fairweather, Digby; Brian, Priestley (2004). The Rough Guide to Jazz. Rough Guides. s. 1–. ISBN 978-1-84353-256-9. Henta 31. juli 2019.
- ↑ Torreano, Bradley. «Nucleus». AllMusic. Henta 30. desember 2020.
- ↑ 4,0 4,1 Feather, Leonard; Gitler, Ira (2007). The Biographical Encyclopedia of Jazz. Oxford University Press. s. 111. ISBN 0-19-507418-1.
- ↑ Fordham, John (1. september 2005). «Ian Carr's Nucleus, Cargo, London». The Guardian. Henta 30. desember 2020.
- ↑ Farbey, Roger (March 2003). «Nucleus Live in Bremen». Ian Carr + Nucleus Website. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 30. desember 2009.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 398. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «We'll Talk About It Later - Nucleus | Releases». AllMusic.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstad for Ian Carr og Nucleus Arkivert 2021-03-04 ved Wayback Machine.