Hopp til innhald

Note

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein note er i musikken eit uttrykk for kvalitetar ved ein tone som svinger med ein konstant frekvens.

I vestleg musikk vert notehøgda uttrykt med bokstavane c d e f g a h c.

Eventuelt kan veriden vere heva eit halvt tonetrinn med eit # eller senka eit halvt trinn med ein ♭.

Noteteikn

Noteverdien seier kor stor del av takta noten utgjer. Ein heilnote fyller fire taktslag, like lenge som to halvnotar eller fire fjerdedelsnotar.

Notane vert teikna med eit sirkelforma hovud som vert plassert på eller mellon notelinene for å vise notehøgda. Vidare kan notane ha ein loddrett hals, og på halsen kan det vere ein eller fleire fanar som illustrerer noteverdien, slik det går fram av tabellen. Dersom fleire notar følgjer etter kvarandre, kan fanane skiftast ut med ein bjelke, som til høgre.

Note
Pause
Namn longa brevis (dobbel heilnote) heilnote halvnote firedelsnote åttedelsnote sekstendelsnote trettitodelsnote sekstifiredelsnote hundreogtjueåttedelsnote
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.