Hopp til innhald

Narada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Narada-statue i Katmandu

Narada (sanskrit नारद, Nārada) er ein vedisk rishi (lærd eller asket) skapt av guden Brahma.[1] Narada er kjend i hindu-tradisjonar som ein reisande musikar og forteljar som tek med seg nyhende og visdom,[2][3] men kan også så splid.[1] Han opptrer i fleire hindutekstar, mellom anna Mahabharata, der han fortel Yudhishtira soga om Prahlada, i Ramayana der han åtvarer Ravana, og i puranaene.[3] Han fortel også kong Kamsa at han kjem til å bli drepen av Devaki sitt åttande barn, som er Krisjna.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 Leeming, David (2005). «Narada». The Oxford Companion to World Mythology (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-515669-0. doi:10.1093/acref/9780195156690.001.0001/acref-9780195156690-e-1111. 
  2. Christian Lee Novetzke (2003), Divining an Author: The Idea of Authorship in an Indian Religious Tradition, History of Religions, Vol. 42, No. 3, page 222
  3. 3,0 3,1 James G. Lochtefeld (2002). The Illustrated Encyclopedia of Hinduism: N-Z. The Rosen Publishing Group. s. 461. ISBN 978-0-8239-3180-4.