Hopp til innhald

Nagaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nagaland
delstat
Forkorting: IN-NL
Land  India
Hovudstad Kohima
Største by Dimapur
Areal 16 579 km²
Folketal 1 978 502 (2011)[1]
Grunnlagd 1. desember 1963
Språk engelsk
Kart
Nagaland
26°13′45″N 94°39′09″E / 26.229169444444°N 94.6525°E / 26.229169444444; 94.6525
Kart som viser Nagaland.
Kart som viser Nagaland.
Kart som viser Nagaland.
Wikimedia Commons: Nagaland

Nagaland er ein delstat nordaust i India. Han ligg inne i landet, med grensemot Arunachal Pradesh i nord, Assam i vest, Manipur i sør og Sagaing-regionen i Myanmar (Burma) i aust. Delstatshovudstaden er Kohima, medan det største byområdet er ChümoukedimaDimapur. Delstaten har ei flatevidd på 16 579 km² og ved folketeljinga i 2011 eit folketal på 1 980 602, slik at han er ein av dei minste statane i India.[2]

Delstaten er heim til mange ulike nagafolk, folkegrupper som talar ulike nagaspråk. Andre større folkegrupper er kukifolk, bodo–kachari-folk og tilflyttarar som bengalarar, marwariar, nepaliar og pansjdabiarar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nagaland