Moskva-City
Treng oppdatering |
Moskva-City (russisk skrift Mocквa-Cити) er eit nytt område i Moskva. Målet er å skape eit område som blandar underhaldning, arbeid og bustader, og skal verte det første av sitt slag i Russland og heile Aust-Europa. Dei lokale styresmaktene i Moskva gav løyve til å starte bygginga i 1992. Området som skal utbyggast dekkjer ein kvadratkilometer og her låg tidlegare stort sett fabrikkar og industriar.
Bygg
[endre | endre wikiteksten]Tårn 2000
[endre | endre wikiteksten]Tårnet består av 34 etasjar og er eit kontorbygg. Det står på høgresida av Moskvaelva. Tårnet er knytt til området via ei gangbru over elva. I tårnet finst underjordisk parkering, restaurant og annan underhaldning. Tårnet er 104 meter høgt, vart påbegynt i desember 1996 og stod ferdig hausten 2001.
Aquaparken
[endre | endre wikiteksten]Ein stor fornøyelsespark som kjem til å innehalde eit badeland, eit femstjerneshotell og parkering. Badelandet kjem til å ta opp det meste av fornøyelsesparken med fleire basseng og sklier. I tillegg vil det vere eit kjøpesenter, restaurant og kafear.
Det sentrale galleriet
[endre | endre wikiteksten]Det sentrale galleriet er eit av dei meir komplekse byggverka i Moskva City. Tårnet står på område 6,7 og 8, og er i to delar, ein under og ein over jordoverflata. Bygginga tok til i starten av 2005 og stod ferdig hausten 2008.
Hovudstaden
[endre | endre wikiteksten]Komplekset Hovudstaden skal symbolisere Moskva og St. Petersburg. Det ligg i område 9 og består av to tårn med høgder på 268 og 234 meter. Tårna står ferdig hausten 2010.
Naberesjnajatårna
[endre | endre wikiteksten]Naberesjnajatårna ligg i område 10. Tårn A er på 17 etasjar og stod ferdig i 2004, medan Tårn B på 27 etasjar stod ferdig oktober 2005. Tårn C består av 59 etasjar og stod ferdig i 2007. Med ei høgd på 268,4 meter er dette den høgaste bygningen i Europa. Totalt kosta tårna 200 millionar dollar.
Transportterminalen
[endre | endre wikiteksten]Transportterminalen kjem til å verte møteplass for ulike metrolinjer, light rail-linjer og annan offentleg transport. Her kjem det til å vere kontor, hotell, ein klinkk og parkering. Bygginga starta i januar 2005 og står ferdig i løpet av 2015.
Eurasia Tower
[endre | endre wikiteksten]Eurasis skal romme kontor, kasino og annan underhaldning. Skyrskraparen vil verte 309 meter høg og ha 72 etasjar. Bygginga starta i 2004 og skal stå ferdig i løpet av 2009.. Prisen på bygget er totalt 250 millionar dollar.
Føderasjonstårnet
[endre | endre wikiteksten]Føderasjonstårnet kjem til å verte den høgaste skyskraparen i Europa når det står ferdig. Bygget består av tre bygningar. Torn A har 93 etasjar og blir 360 meter høgt, Tårn B 62 etasjar og 242 meter høgt, og Tårn C er eit spir på 506 meter. Bygginga starta i 2004 og vert rekna å stå ferdig i løpet av 2014.
Mercury City Tower
[endre | endre wikiteksten]Bygginga starta i 2005 og er planlagt ferdig i slutten av 2008.. Det kjem til å verte 339 meter høgt med 75 etasjar og vil fram til Føderasjonsstårnet står ferdig vere den høgaste bygningen i Europa.
Nordtårnet
[endre | endre wikiteksten]Tårnet inneheld kontor, ein konsterhall, treningssenter, restaurantar, kafe, klinikkar og parkering. Det er 108 meter høgt og består av 27 etasjar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Moskva City» frå Wikipedia på svensk, og «Moscow International Business Centre» frå Wikipedia på engelsk den 6. november 2008.