Mizra
Mizra | |||
kibbutz | |||
Vasstårn i Mizra
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Jezreeldalen | ||
Koordinatar | 32°39′2.52″N 35°17′16.07″E / 32.6507000°N 35.2877972°E | ||
Folketal | 792 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1923 | ||
• Grunnlagd av | Europeiske emigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Mizra 32°39′03″N 35°17′16″E / 32.6507°N 35.287797222222°E | |||
Kart som viser Mizra.
| |||
Wikimedia Commons: Mizra |
Mizra (hebraisk מִזְרָע, tyder Såing) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg mellom Afula og Nasaret og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 689.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen vart grunnlagd på ein tell kalla Ruba al-Natzra under Hanukkah i 1923 av dei første emigrantane i den tredje Aliyah. Året etter kom ei gruppe til frå Haifa, og i 1930-åra kom Hashomer Hatzair-medlemmar frå Aliyah Bet. Under Palestinamandatet var Mizra eit hovudkvarter for Palmach, fram til det vart oppdaga av styresmaktene i Mandatet under Operasjon Agatha i 1946. Kibbutzen har òg eit museum som syner historia til Yishuv.[2]
Ein finn namnet Mizra på kart frå mellomalderen, men opphavet er ukjend. Ein teori er at det kjem frå det nærliggande Nahal Mizra, men somme trur at det er knytt til Hovat Mizra, ein gammal gard i området.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mizra» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 316. ISBN 965-7184-34-7. (he)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)