Hopp til innhald

Mette Abildgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mette Abildgaard

Fødd12. oktober 1988 (36 år)
Horsens
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiDet Konservative Folkeparti
Yrkepolitikar
InstitusjonarHotel Pejsegaarden
Betty Nansen Teatret
Utdanna vedTørring Gymnasium
Roskilde Universitet
VervFolketingsmedlem 18. juni 2015–
Alle verv
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget Sjå dette på Wikidata

Mette Abildgaard Juulsager (fødd 12. oktober 1988 i Horsens) er ein dansk politikar for Det Konservative Folkeparti. Ho har vore vald til Folketinget frå Nordsjællands storkrins sidan 2015. Ho har vore både formann og politisk ordførar for den konservative folketingsgruppa.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Abildgaard vaks opp i landsbyen Føvling i dåverande Holsted kommune. Faren var lastebilsjåfør, og mora arbeidde på ein eldreheim.[2][3] Ho tok studentereksamen ved Tørring Gymnasium i 2007 og kandidatutdanning (med graden cand.scient.soc.) i offentleg administrasjon og kommunikasjon ved Roskilde Universitet i 2013. Ho har sidan budd i København-området. Ho har vore kommunikasjonsrådgjevar for Betty Nansen Teatret og for IT-selskapet Solution Team.[1]

Abildgaard melde seg inn i Konservativ Ungdom som 14-åring.[4] I perioden mellom 2009 og 2014 var ho 2. vara til dei konservative til Europaparlamentet. Abildgaard blei vald inn i regionrådet for Region Hovedstaden i 2014, og blei formann for den konservative gruppa, formann i kreftutvalet og medlem av helseutvalet og psykiatriutvalet. Ho blei styremedlem i Patienterstatningen og Professionshøjskolen Metropol i tillegg til medlem av helseutvalet i Danske Regioner. I 2015 blei Abildgaard vald til Folketinget frå Nordsjællands storkrins med 3 207 personlege røyster, etter å ha vore 1. vara i perioden 2011–2015.[1][5]

Abildgaard har vore spesielt engasjert i kreftsaka. Ho har vore friviljug kampanjeleiar i Kræftens Bekæmpelse.[1]

I 2016 gifta Abildgaard seg med journalisten Jens Jacob Juulsager. Dei bur i København.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Mette Abildgaard (KF)» (på dansk). Folketinget. Henta 8. mars 2019. 
  2. Wissendorff, Anya (19. juni 2015). «Føvling-pige på vej i Folketinget: Det er så vildt». Horsens Folkeblad (på dansk). Henta 18. juli 2015. 
  3. Mortensen, Mikkel Walentin (11. oktober 2018). «30 år fredag: Den konservative komet». Berlingske (på dansk). Henta 10. august 2020. 
  4. Skjoldan, Lise-Lotte (28. mai 2015). «På spring til Folketinget: Mette Abildgaard» (på dansk). altinget.dk. Henta 18. juli 2015. 
  5. «Mette Abildgaard. CV» (på dansk). Det Konservative Folkeparti. Arkivert frå originalen 1. juli 2015. Henta 18. juli 2015.