Maxime Weygand
Maxime Weygand | |
Statsborgarskap | Frankrike, Belgia |
Fødd | 21. januar 1867 Brussel |
Død |
28. januar 1965 (98 år) |
Yrke | militær, politikar |
Språk | fransk |
Medlem av | Académie française, Académie des sciences d'outre-mer, Société des amis de la Russie nationale, Centre d'études politiques et civiques, Comité européen pour le progrès économique et social, Association for the Defence of the Memory of Marshal Pétain |
Religion | katolisisme |
Ektefelle | Renée Weygand |
Maxime Weygand på Commons |
Maxime Weygand (21. januar 1867–28. januar 1965) var ein fransk offiser. Han er kjent for å ha kjempa mot den tyske invasjonen i 1940, for seinare å samarbeide med det tyskvenlege Vichy-regimet.
Under første verdskrigen var Weygand stabssjef under Ferdinand Foch, først som oberstløytnant og seinare som til generalmajor.
Då Maurice Gamelin fekk sparken som fransk øvstkommanderande i mai 1940 overtok Weygand jobben. Weygand kom raskt til den oppfatninga at vidare kamp var nyttelaus, og gjekk inn for ein fredsavtale med tyskarane.
Weygand vart så forsvarsminister i Philippe Petain si Vichy-regjering. Seinare vart han leiar for dei franske koloniane i Nord-Afrika. Han vart avsett og internert i Tyskland i 1942.
Etter krigen vart Weygand skulda for samarbeid med Tyskland, og vart internert i Val-de-Grâce. Han vart likevel lauslaten i 1946, og endeleg frikjent i 1948.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maxime Weygand» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2011.