Hopp til innhald

Mastergrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«master» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå master (fleirtyding).

Mastergrad er ein grad innan høgare utdanning, med ei normert studietid på minst fem år. Fram til den norske kvalitetsreforma i 2003 vart nemninga lite brukt ved dei norske universiteta, men no har mange av dei tidlegare gradene (til dømes cand.mag og (sivil-) ingeniør vorte erstatta av Bachelor og Master, som er internasjonalt anerkjende. Ein kan nå denne graden både ved høgskular og universitet i Noreg.

Ein kan få mastergrad anten gjennom ein studiemodell på 3 år (Bachelorgrad) eller direkte ved ei 5-årig høgare utdanning. Normalt sett er ein mastergrad sett saman av 300 studiepoeng. På engelsk vert tittelen Master of Arts (MA) for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, og Master of Science (MSc) for teknologiske fag.