Maria Thorisdottir
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 5. juni 1993 | ||
Fødestad | Klepp | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Nummer | 3 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2010–2012 | Klepp | 38 | (6) |
2014–2017 | Klepp | 33 | (2) |
2017–2021 | Chelsea | 22 | (1) |
2021– | Manchester United | 26 | (1) |
Landslag | |||
2008 | Noreg J15 | (0) | |
2008–2009 | Noreg J16 | 16 | (6) |
2009–2010 | Noreg J17 | 8 | (0) |
2010–2011 | Noreg J19 | 17 | (1) |
2012 | Noreg U20 | 5 | (0) |
2015 | Noreg U23 | 3 | (0) |
2015– | Noreg | 62 | (3) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. juli 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2022 |
Maria Thorisdottir (fødd 5. juni 1993) er ein norsk fotballspelar frå Klepp, som spelar for Manchester United og det norske landslaget.
Før ho bestemde seg for å satse for fullt på fotballen spela Thorisdottir også handball i Eliteserien for Sola og Stabæk.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Thorisdottir var eit talent i både fotball og handball i ung alder.[2] Ho starta fotballkarrieren i Klepp, og debuterte i Toppserien i 2010. Etter å ha slite med jumper's knee-skade, valde ho etter U20-VM 2012 i Japan å leggje opp i ein alder av 19 år.[3]
Etter å ha gitt seg med fotball valde Thorisdottir å satse på handballen igjen og i 2013 signerte ho for Stabæk i Eliteserien i Handball.[4] Vedvarande skadar og manglande motivasjon gjorde at ho ville tilbake til fotballbanen igjen. Thorisdottir uttalte at ho gledde seg meir til fotballoppvarminga enn handballtreninga.[1]
I 2014 bestemde Thorisdottir seg for å returnere til fotballen, og begynte å trene med Klepp igjen.[5] I august 2014 gjorde ho comeback i ein cupkamp mot Arna-Bjørnar, to år etter ho sist spelte ein fotballkamp. Etter å ha kome i gang med fotballen igjen gjekk det fort før ho i mars 2015 fekk debuten på det norske A-landslaget.[6] Under eitt år etter at ho gjorde comeback på fotballbanen vart ho teken ut i den norske troppen til VM i Canada 2015.[1]
I august 2015 vart Thorisdottir skada igjen då ho vart stempla i venstrefoten i kamp. Det viste seg etter kvart at skaden var meir alvorleg enn ein fyrst hadde trudd, og kunne vere karrieretrugande.[7] Thorisdottir mista heile 2016-sesongen på grunn av skaden.[8]
Thorisdottir kom sterkt tilbake på fotballbanen i 2017 og vart teken ut i den norske troppen til EM i Nederland 2017.[9] I september 2017 signerte ho for den engelske storklubben Chelsea.[10] Der var ho ein del av det beste laget i England over fleire år. I oktober 2018 fekk Thorisdottir ei hjerneristing som heldt ho ute av spel over så lang tid at det var fare for at VM i Frankrike sommaren 2019 ville ryke. Men Thorisdottir slo tilbake og vart kåra til den beste på banen fleire gongar.[11]
Etter å ha slite med speletid i Chelsea vart det i januar 2021 kjent at Thorisdottir melde overgang til Manchester United.[12] I 2022 vart ho igjen teken ut i landslagstroppen til EM i England.[13]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Thorisdottir er dotter av trenaren for det norske kvinnelandslaget i handball, Thorir Hergeirsson.[14]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Håndball-sjefens datter med i VM-troppen: Thorisdottir: – Går aldri tilbake til håndballen». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 3. juli 2022.
- ↑ NRK (20. mai 2015). «Balltalentet Thorisdottir vil gi alt». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Larsen, Eirin (23. mars 2016). «Karrieren kan være over for Maria Thorisdottir». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Gulbrandsen, Ragnhild (12. juni 2013). «Henter landslagssjefens datter». www.budstikka.no (på norsk). Henta 13. februar 2022.[daud lenkje]
- ↑ Alexander Larsen (10. juni 2020). «Trosset rådene som 13-åring: – Ikke snakk om». Norske Fotballkvinner (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Opsal, Signe (6. mars 2015). «Islandske Maria Thorisdottir (22) debuterte mot Island». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Larsen, Eirin (23. mars 2016). «Karrieren kan være over for Maria Thorisdottir». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Miøen, Joakim (12. april 2017). «(+)Fryktet for karrieren, men nå er Thorisdottir klar for sesongstart». smp.no (på norsk). Henta 3. juli 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Norges EM-tropp er klar». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 3. juli 2022.
- ↑ «Norsk landslagsspiller blir lagkamerat med Maren Mjelde i Chelsea». dagbladet.no (på norsk). 4. september 2017. Henta 13. februar 2022.
- ↑ Hoel, Yasmin Sunde (22. juni 2019). «Thorisdottir slår tilbake mot skeptikerne: – Det er «løje» hvordan alle har tvilt». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. juli 2022.
- ↑ AS, TV 2 (22. januar 2021). «Thorisdottir klar for Manchester United». TV 2 (på norsk). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Se Norges EM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 9. juli 2022.
- ↑ Opsal, Signe; Fossum, Øystein (6. mars 2015). «Islandske Maria Thorisdottir (22) debuterte mot Island». NRK. Henta 3. juni 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Maria Thorisdottir» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2022.