Hopp til innhald

Mørkets hjerte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mørkets hjerte
Heart of Darkness

Forfattar(ar)Joseph Conrad
Språkbritisk-engelsk, engelsk
SjangerRoman
Utgjeven1902
ForlagGyldendal Norsk Forlag
Kagge forlag
OmsetjarSigurd Hoel (1929)
Bjørg Hawthorn (2002)
Sider140
ISBN 82-489-0225-0

Mørkets hjerte (engelsk Heart of Darkness) er ein roman som er skriven av den polsk-britiske forfattaren Joseph Conrad. Boka kom ut i 1902, men ho var opphavleg publisert som ein tredelt serie i Blackwood's Magazine i 1899. Romanen er sterkt inspirert av røynslene Conrad gjorde som kaptein på ein elvebåt i Fristaten Kongo åtte år tidlegare. Romanen har inspirert ei lang rekkje filmmakarar, forfattarar, musikarar og andre kunstnarar.

Orson Welles var den første som forsøkte å filmatisera boka, men gav opp på grunn av usemje om budsjettet med filmselskapet RKO Pictures. I 1979 kom Francis Ford Coppola sin film Apokalypse nå!, der manuset er basert på Mørkets hjerte, men historia flytta til Vietnamkrigen.

Kritikk for rasisme

[endre | endre wikiteksten]

Joseph Conrad har blitt karakterisert som rasist av den nigerianske forfattaren Chinua Achebe på grunn av måten han fremstilte afrikanarar på i Mørkets hjerte. Achebe hevdar at Conrad fremstiller afrikanarar som «avhumaniserte og degraderte», og som primitive menneske nærast utan språk. Mange litteraturforskarar meiner derimot at boka inneheld ein sterkt kritikk av kolonialismen. Conrad skildrar framferda til europearane og overgrepa mot lokalbefolkninga på en måte som til då var svært sjeldsynt. [1]

  1. Jakob Lothe, føreord til norske omsetjinga frå 2002:10.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]