Linet Masai
Utsjånad
Linet Masai | |
Linet Masai under friidretts-VM 2009 Foto: Erik van Leeuwen
| |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 5. desember 1989 (34 år) Kapsokwony |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |
Linet Chepkwemoi Masai (fødd 5. desember 1989) er ein kenyansk friidrettsutøvar som tevlar i langdistanseløp. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter under VM i friidrett 2009 i Berlin.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]19 år gamle Masai vann 10000-meterløpet under friidretts-VM 2009 med tida 30.51,2, eitt tidels sekund framom Meselech Melkamu frå Etiopia. Same året vart ho nummer to i VM i terrengløp i Amman, ein prestasjon ho gjentok i Bydgoszcz i 2010 og Punta Umbria i 2011. I verdsmeisterskapen i friidrett 2011 klarte ho ikkje å halde fylgje med landskvinnene Vivian Cheruiyot og Sally Kipeygo heilt inn til mål på 10000 m, men sikra seg bronsemedaljen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Linet Masai» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2015.