Hopp til innhald

Karsporeplanter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bregnar er karsporeplantar

Karsporeplantar er ei gruppe plantar som formeirar seg med sporar som vert danna i sporehus eller sporangium. Dei har korkje blomar, frø eller frukt, og har ofte ei klår generasjonsdeling i livssyklusen sin. Saman med mosar og lav høyrer dei til kryptogamane.

I dag finst det tre store grupper karsporeplantar: kråkefotplantar, snelleplantar og bregnar. Gruppa er parafyletisk, sidan frøplantar stammar frå ho.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Karsporeplanter
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.