Kamerunfjellet
Kamerunfjellet | |||
fjell | |||
Land | Kamerun | ||
---|---|---|---|
Kamerunfjellet 4°13′00″N 9°10′21″E / 4.2166666666667°N 9.1725°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Cameroon |
Kamerunfjellet er eit fjell som er ein av dei største og mest aktive vulkanane i Afrika. Det er det høgaste fjellet i Kamerun, og ligg i nærleiken av kysten inst i Guineabukta. Det høgaste punktet blir kalla Fako. Fjellet ligg på Kamerunlinja, ei lang kjede av vulkanske fjell som strekker seg ut i Guineabukta og omfattar fleire øyar der, som São Tomé og Príncipe. På den sørlege hellinga av fjellet, mot kysten, er tvillingtoppen Etinde, som også er kjend som Vesle Kamerun.
I det 5. hundreåret f.Kr. observerte den kartagiske navigatøren Hanno eit vulkanutbrot her. Fjellet hadde utbrot seks gongar på 1900-talet. I 1922 nådde ein lavastraum heilt til Guineabukta, og i 1999 stoppa ein straum berre 200 meter frå kysten. Nylege utbrot var i 1999, 2000 og 2012.
Kvart år held ein løpet Mount Cameroon Race of Hope til toppen av fjellet. Dei beste når toppen på 4 timar og 45 minutt. Turistar som vil klatra til toppen, må ha med ein guide.[1]
-
Kamerunfjellet
-
Relieffkart.
-
Skjematisk framstilling av Kamerunlinja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Cameroon Consulate - Mount Cameroon». Arkivert frå originalen 1. mars 2016. Henta 3. mai 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Kamerunfjellet» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2023.