Jylland
Utsjånad
Jylland er den delen av Danmark som heng i hop med det europeiske kontinentet. Halvøya Jylland har ikkje noka fastlagd grense mot sør. Alt etter samanhengen kan sørgrensa seiast å vera ved Elben, Ejderen, den dansk-tyske grensa etter 1920 eller ved Kongeå. I Jylland finst mellom anna byane Horsens, Randers, Viborg, Silkeborg, Aarhus og Aalborg. Den sørlege delen av halvøya vert kalla Sønderjylland.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jylland