Hatzor HaGlilit
Hatzor HaGlilit | |||
חָצוֹר הַגְּלִילִית, Hatzor HaGlilit | |||
lokal kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 32°58′46.1″N 35°32′36.51″E / 32.979472°N 35.5434750°E | ||
Areal | 5,17 km² | ||
Folketal | 8 700 (2008) | ||
Folketettleik | 1 683 / km² | ||
Grunnlagd | 1953 | ||
Borgarmeister | Shimon Swisa | ||
Hatzor HaGlilit 32°58′46″N 35°32′37″E / 32.979472222222°N 35.543475°E | |||
Kart som viser Hatzor HaGlilit.
| |||
Wikimedia Commons: Hatzor HaGlilit |
Hatzor HaGlilit (hebraisk חָצוֹר הַגְּלִילִית) er ein by nord i Israel nær Rosh Pina og Safed. I 2008 hadde Hatzor HaGlilhadde eit folketal på 8 700.[1] Han er kalla opp etter den nærliggande bibelske staden Tel Hazor.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hatzor var ein kanaanittsk og seinare israelittisk by som høyrte til Naftali-stamma (Josva 19:36)[2] seint i bronse- og tidleg i jernalderen, som vart erobra av den assyriske herskaren Tiglath-Pileser III i 732 fvt. Folkesetnaden vart då deportert[3] medan byen brende til grunnen.[3][4]
Hatzor HaGlilit vart grunnlagd i 1952–1953 som ein transitleir.[5] Den nye leieren låg på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Mughr al-Khayt, 1 km søraust for landsbyen.[6] Han bestod av to nærliggande transitleirar som først vart kalla «Hatzor A» og Hatzor B», kalla opp etter den bibelske staden Tel Hatzor, og husa emigrantar og flyktningar, hovudsakleg jødar frå Nord-Afrika.
I 1956 fekk Hatzor HaGlilit status som lokal kommune. I 1958 hadde Hatzor HaGlilhadde eit folketal på 4 000 og fekk status som utviklingsby.[7] Dei komande åra fekk byen status som ein tradisjonell jødisk stad og seinare vart det òg oppretta ultraortodokse jødiske bydelar.
I desember 2011 hadde byen i følgje Statistisk sentralbyrå, 8 705 innbyggjarar.
Landemerker
[endre | endre wikiteksten]Ein av dei mest kjende landemerkene i byen er grava til Honi sirkelmakaren, som låg ved grava til dei to barnebarna Abba Hilkiyah og Hanan HaNihba. I følgje ei jødisk segn hadde Honi HaM'agel krafta til å skape regn gjennom bøn.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hazor HaGelilit» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. ISBN 965-448-413-7. (he)
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
- Vilnai, Ze'ev (1976). «Hatzor (5)». Ariel Encyclopedia. Volume 3. Tel Aviv i Israel: Am Oved. (he)
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2009. Henta 21. november 2014.
- ↑ Han må ikkje forvekslast med Hazor som høyrte til Juda-stamma (Josva 15:23), og som Hatzor Ashdod vart kalla opp etter.
- ↑ 3,0 3,1 Israel Finkelstein, The Bible Unearthed
- ↑ P. James, «The Alleged 'Anchor Point' of 732 BC for the Destruction of Hazor V", AntOr 6 (2008).
- ↑ Vilnay (1976), s. 2489
- ↑ Khalidi, 1992, p479
- ↑ HaReuveni (1999), s. 327
- ↑ «Chatzor Ha-Gelilit – Tomb of the Circle Maker». OHR. Henta oktober 16, 2009.