Hopp til innhald

Grey District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grey District
distrikt
Land  New Zealand
Region West Coast
Areal 3 515,4 km²
Folketal 13 334 (6. mars 2018)[1]
Kart
Grey District
42°32′46″S 171°36′22″E / 42.546°S 171.606°E / -42.546; 171.606
Wikimedia Commons: Grey District

Grey District Council i regionen West CoastSørøyaNew Zealand er eit distrikt som omfattar Greymouth, Runanga, Blackball, Cobden og busetnadar langs Grey River. Arealet er 3,516.48 km² (1,357.72 sq mi). Administrasjonssentereret ligg i Greymouth, der 27 % av innbyggjarane i distriktet bur.

Populasjon

[endre | endre wikiteksten]

Distriktet hadde eit folketal på 13 221 ved folketeljinga i 2006, der åtte prosent var maoriar. Av innbyggjarane budde 3600 i Greymouth, 1221 i Runanga, 1707 i Cobden og 330 i Blackball. Om lag 95 % av innbyggjarane er av europeisk avstamming (i følgje folketeljinga i 2001), slik at Grey District har ei svært homogen etnisk samansetjing av innbyggjarane sine. Førti prosent av innbyggjarane hadde inga vidareutdanning i 2001, samanlikna med om lag 27 % på New Zealand sett under eitt.[3]

Infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Det er 619 km vegar i distriktet, av desse har 358 km fast dekke (data frå 2000)[3].

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.stats.govt.nz/tools/2018-census-place-summaries/grey-district.
  2. 2,0 2,1 2,2 https://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.
  3. 3,0 3,1 Roading Arkivert 2009-03-04 ved Wayback Machine. (frå Long Term Community Outcomes Plan: 2006-2016, endra juni 2007)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]