Hopp til innhald

George Best

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Best

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 22. mai 1946
Belfast
Død

25. november 2005 (59 år)
London

Yrke fotballspelar, sportskommentator
Språk engelsk
Høgd 175 centimeter
Ektefelle Angie Best, Alex Best
George Best på Commons

George Best (22. mai 194625. november 2005) var ein britisk-nordirsk fotballspelar. Han spelte 361 ligakampar og skåra 137 ligamål for Manchester United i tida frå 1963 til 1973. Best vart engelsk ligameister med United i 1965 og 1967, og var i 1968 med på å vinne Europacupen for serievinnarar. I finalen på Wembley skåra han to av dei fire United-måla som gav 4-1-siger over Benfica. Same sesongen vart han kåra Årets fotballspelar i Europa. Best spelte 37 landskamper for Nord-Irland frå debuten i 1964 til så seint som i 1978.

Han døydde i London.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.