Fiskegarn
Fiskegarn eller fiskenett er ein type fangstgarn ein bruker ved garnfiske. Det er eit nett som kan fanga eller sperra inne og samla fisk. Fiskegarn blei tradisjonelt laga ved å knyta relativt tynn tråd til eit nett av maskar. Nyare fiskegarn er normalt laga av nylon eller andre polyamid. Nett av organiske polyamid, slik som ull eller silke, var vanlege inntil nyleg, og er fortsatt i bruk i nokre område.
Eit fiskenett har typisk søkke nedst og flytarar øvst for å stå loddrett i vatnet. Ein kan også festa det til ei flyteline i toppen og synkeline i botnen. Søkke i dag er som oftast av bly og flytarane, kavlane, av plastskum eller hole plastsylindrar. På eldre garn var flytarane ofte laga av kork eller glaskuler (kjende som garnkuler).
Nokre typar garn er fjordgarn/torskegarn, trollgarn og krabbegarn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fiskegarn» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2020.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Karlsen, Kjeldsberg, Sandnes, Hay, Juul (red.): Båten, bruket og fangsten ISBN 978-82-8090-020-3