Fabrizio Mori
Fabrizio Mori | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 28. juni 1969 (55 år) Livorno |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Fabrizio Mori (fødd 28. juni 1969) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Livorno som vart verdsmeister på 400 meter hekk i 1999 og vann VM-sølv i 2001 og EM-bronse i 1998,
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I forsøka under VM i 1991 fekk Mori notert tida 48,92 sekundar, hans første løp under 49 sekundar på langhekken, men makta ikkje å fylgje opp i semifinalane. Sommaren 1996 forbetra han persen til 48,33 ved eit stemne i Bologna og under Sommar-OL 1996 i Atlanta vart han sjettemann på 400 m hekk. I VM-finalen 1997 i Aten kneip han fjerdeplassen med eit løp på 48,05. Eit par veker seinare, den 16. august, sette han i München personleg rekord med 47,79 sekundar. Sesongen etter kunne han klive opp på sigerspallen etter å ha vorte nummer tre på langhekken under europameisterskapen i Budapest.
30 år gammal nådde Mori toppen ved friidretts-VM 1999, der han sette personbeste og vann ein klar siger framom den sterke franskmannen Stéphane Diagana. To år seinare gjennomførte Mori sitt livs raskaste løp i finalen på 400 meter hekk i Edmonton, då han skulle forsvare VM-tittelen i øvinga. Han kom i mål på 47,54 sekundar, fem små hundredels sekund bakom den nye langhekkmeisteren, Félix Sánchez frå Den dominikanske republikken. I sin siste store meisterskap, EM 2002, vart Mori fjerdemann i mål.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane (50,70 =nr 16)
- OL 1992 i Barcelona: Utslått forsøka (49,16 =nr 18)
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane (49,23 =nr 11)
- EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane (66,35 =nr 16)
- VM 1995 i Göteborg: Diskvalifisert i semifinalane (=nr 16)
- OL 1996 i Atlanta: Nr 6 – 48,71
- VM 1997 i Aten: Nr 4 – 48,05
- EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 48,71
- VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje – 47,72, framom Stéphane Diagana (48,12)
- OL 2000 i Sydney: Nr 7 – 48,78
- VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 47,54, bakom Félix Sánchez (47,49)
- EM 2002 i München: Nr 4 – 49,05
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fabrizio Mori» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2018.
- «Fabrizio Mori» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1969
- Italienske hekkeløparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Italia
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Italienske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Folk frå Livorno