Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 1959

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1959
Dato
Finalen 11. mars 1959
Vertskap
Stad
Palais des Festivals et des Congrès
Cannes i Frankrike
Programleiar(ar)
Jacqueline Joubert
Dirigent
Franck Pourcel
Kringkastar(ar)
RTF
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Monaco
Attende
Storbritannia
Trekte seg
Luxembourg
Kart
ESC 1959 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 1958 Eurovision Song Contest 1960

Eurovision Song Contest 1959 var den fjerde utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Etter sigeren året før blei konkurransen for fyrste gong arrangert i Frankrike, og av den franske ålmennkringkastaren RTF. Finalen gjekk av stabelen onsdag 11. mars 1959 i Palais des Festivals et des Congrès i Cannes. Programleiar var Jacqueline Joubert.

Rekordmange elleve land deltok. Monaco debuterte, mens Storbritannia var tilbake etter fråværet året før. Luxembourg vedtok å stå over konkurransen dette året.

Nederland tok sin andre siger i konkurransen med songen «Een beetje», framført av Teddy Scholten. Storbritannia enda like bak på andreplass – den fyrste av rekordmange 16 andreplassar landet har fått totalt. Vertslandet Frankrike blei nummer tre, mens Sveits og Danmark følgde på de neste plassane. Førehandsfavoritten, italienske Domenico Modugno med «Piove (Ciao, ciao bambina)», enda på ein delt sjetteplass, men det italienske bidraget fekk størst kommersiell suksess i etterkant av finalen.

Frankrike var vertskap etter å ha vunne Eurovision Song Contest 1958 med «Dors, mon amour» og André Claveau. Dette var det fyrste året at fjorårsvinnaren fekk arrangere det påfølgjande året. Riktignok hadde Nederland arrangert i 1958 etter å ha vunne Eurovision Song Contest 1957, men det skjedde fordi den opphavlege arrangøren, britiske BBC, trekte seg.[1][2]

Arrangør var den franske ålmennkringkasteren RTF, og kringkastaren la konkurransen til rivierabyen Cannes og Palais des Festivals et des Congrès, som tidlegare hadde husa Filmfestivalen i Cannes. Den dåverande arenaen låg langs Promenade de la Croisette og skulle også huse Eurovision Song Contest 1961 to år seinare.

Reglementet var i stor grad uendra frå dei to føregåande åra. Kvart deltakarland deltok via ein kringkastar som var medlem av EBU. Landa stilte med eitt bidrag kvar, og dette skulle framførast av en solist eller ein duo. Det var med andre ord ikkje tillate med fleire enn to artistar på scena.[3][4]

Som i dei to føregåande åra hadde kvart land ei jurygruppe med ti jurymedlemmar, der kvar jurymedlem gav eitt poeng til sin favorittsong. Jurymedlemmane kunne ikkje røyste på sitt eige land. Dette året innførte EBU også ein regel om at jurymedlemmane ikkje kunne vere profesjonelle musikarar, utgjevarar eller komponistar.[3]

Teddy Scholten under den nederlandske finalen i februar 1959.

Konkurransen fann stad onsdag 11. mars 1959 frå klokka 21.00–22.13 sentraleuropeisk tid.[3][5] Konkurransen blei overført direkte til tv- og radiokanalar i alle deltakerlanda og Luxembourg. Noreg, som på denne tida framleis hadde prøvesendingar for fjernsyn, overførte ikkje konkurransen, heller ikkje på radio.[6][7]

Inne i Palais des Festivals et des Congrès var det bygd opp ei scene med orkesteret framfor. Scenedekoren bestod av ein låg vegg med tre svingdører med kvart sitt kroneornament oppå. Svingdørene var pryda med motiv og bilete som reflekterte det aktuelle deltakarlandet.[8]

Avrøysting

[endre | endre wikiteksten]
Teddy Scholten blir tatt imot av ein stor folkemasse heime i Nederland etter sigeren.

Også dette året røysta landa i motsatt rekkjefølgje av startrekkjefølgja. Belgia starta, medan Frankrike avslutta. Avrøystinga var svært spennande, og Sveits og Danmark tok leiinga tidleg. Etter kvart tok også Nederland, Frankrike og Storbritannia innpå. Etter at åtte land hadde røysta, leia Storbritannia med 14 poeng, medan Sveits hadde 12, Danmark 11 og Frankrike og Nederland hadde 10 poeng. Då Italia som niande land gav 7 av sine 10 poeng til Nederland, gjekk Nederland opp i leiinga og beheldt ho til slutt. Storbritannia fekk sin fyrste andreplass – ei plassering landet skulle hamne på i dei påfølgjande to åra og sidan ytterlegare tretten gongar. Vertslandet Frankrike blei nummer tre.

For fyrste og einaste gong i historia til Eurovision Song Contest fekk tredjeplassen, andreplassen og vinneren framføre songane sine på nytt etter avrøystinga. Både før og sidan har berre vinnaren fått opptre på nytt etter avrøystinga.[3]

Dette var den andre sigeren til Nederland i Eurovision Song Contest. Tekstforfatteren til vinnarsongen, Willy van Hemert, skreiv også teksta til den fyrste vinnarsongen til Nederland, «Net als toen». Van Hemert blei fyrste person – og Nederland det fyrste landet – til å vinne Eurovision Song Contest fleire gongar.

Vinnarar og slagarar

[endre | endre wikiteksten]
Pearl Carr og Teddy Johnson sørga for den fyrste andreplassen til Storbritannia. Her fotografert i 1962.

Vinnarsongen «Een beetje» fekk relativt begrensa kommersiell suksess etter sigeren, medan andreplassen «Sing, Little Birdie» fekk ein viss suksess. Songen blei framført av ekteparet Pearl Carr og Teddy Johnson, og duoen nådde blant anna sjuandeplass i Nederland og tolvteplass på den britiske singellista.[9][10] Noreg sende ikkje finalen korkje i radio eller fjernsyn, men gruppa The Monn Keys spelte inn vinnarbidraget og andreplassen på norsk. «Een beetje» fekk tittelen «Det kommer en sommer», medan «Sing, Little Birdie» blei omsett til «Syng, lille sangfugl».[11]

Den største kommersielle suksessen kom også dette året frå Italia. Artisten Domenico Modugno var storfavoritt til å vinne konkurransen, etter å ha fått ein verdssuksess med «Volare» året før. Trass favorittstempelet fekk Italia berre ni poeng og enda opp på ein delt sjetteplass. Songen «Piove (Ciao, ciao bambina)» blei likevel ein stor hit rundt om i Europa, og han toppa listene i Italia, Nederland, Flandern og Vallonia. Han gjekk også inn på singellistene i Frankrike, Tyskland og Storbritannia.[12][13][14] I Noreg låg songen ti veker på den offisielle singellista, men då med Bruno Martino som artist.[15] I USA nådde «Piove (Ciao, ciao bambina)» plass 97 på Billboard-lista, som eit av få Eurovision-bidrag gjennom historia til konkurransen.[16][17]

Deltakande land og bidrag

[endre | endre wikiteksten]

Elleve land stilte til start i konkurransen, noko som var rekord. Monaco debuterte, medan Storbritannia kom tilbake etter eitt års pause. Luxembourg stod over konkurransen dette året, uvisst kvifor. Truleg hadde Luxembourg intensjon om å delta, men må ha trekt seg kort tid før konkurransen, siden landet var lista som deltakarland i fleire radio- og tv-program.[2][18][19]

Under er deltakarane og resultatet:[20][21][22]

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Frankrike Jean Philippe «Oui, oui, oui, oui» Fransk 3 15
02 Danmark Birthe Wilke «Uh, jeg ville ønske, jeg var dig» Dansk 5 12
03 Italia Domenico Modugno «Piove (Ciao, ciao bambina)» Italiensk 6 9
04 Monaco Jacques Pills «Mon ami Pierrot» Fransk 11 1
05 Nederland Teddy Scholten «Een beetje» Nederlandsk 1 21
06 Vest-Tyskland Alice og Ellen Kessler «Heute Abend wollen wir tanzen geh'n» Tysk 8 5
07 Sverige Brita Borg «Augustin» Svensk 9 4
08 Sveits Christa Williams «Irgendwoher» Tysk 4 14
09 Austerrike Ferry Graf «Der K und K Kalypso aus Wien» Tysk 9 4
10 Storbritannia Pearl Carr og Teddy Johnson «Sing, Little Birdie» Engelsk 2 16
11 Belgia Bob Benny «Hou toch van mij» Nederlandsk 6 9

Artistar som har delteke tidlegare

[endre | endre wikiteksten]
Artist Land Tidlegare år Merknad
Birthe Wilke Danmark 1957 Deltok saman med Gustav Winckler
Domenico Modugno Italia 1958

Poengtavle

[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna i same rekkefølgje som landa røysta i.[23]

 Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Frankrike 2 1 1 4 2 1 4 15 3
Danmark 2 2 1 4 1 1 1 12 5
Italia 1 3 1 1 3 9 6
Monaco 1 1 11
Nederland 3 1 3 2 1 7 4 21 1
Vest-Tyskland 1 1 1 2 5 8
Sverige 3 1 4 9
Sveits 1 5 1 3 1 1 2 14 4
Austerrike 1 2 1 4 9
Storbritannia 2 2 3 5 2 1 1 16 2
Belgia 2 3 1 1 2 9 6

Dirigentar

[endre | endre wikiteksten]

Medan Franck Pourcel var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.[24]

  1. Frankrike – Franck Pourcel
  2. Danmark – Kai Mortensen
  3. Italia – William Galassini
  4. Monaco – Franck Pourcel
  5. Nederland – Dolf van der Linden
  6. Vest-Tyskland – Franck Pourcel
  7. Sverige – Franck Pourcel
  8. Sveits – Franck Pourcel
  9. Austerrike – Franck Pourcel
  10. Storbritannia – Eric Robinson
  11. Belgia – Francis Bay


Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]
Deler av poengtavla fotografert frå ein tv-skjerm.

Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå sitt lands jurygruppe over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.[25]

  1. Belgia – Bert Leysen
  2. Storbritannia – Pete Murray
  3. Austerrike – Karl Bruck
  4. Sveits – Boris Acquadro
  5. Sverige – Roland Eiworth[26]
  6. Vest-Tyskland – Ukjend
  7. Nederland – Siebe van der Zee[27]
  8. Monaco – Ukjend
  9. Italia – Enzo Tortora[28]
  10. Danmark – Svend Pedersen
  11. Frankrike – Marianne Lecène


Kommentatorar og kringkastarar

[endre | endre wikiteksten]

Alle deltakerlanda kringkasta finalen. Under er ei oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1959:[25]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kjelde
Austerrike ORF ORF Elena Gerhard (brukte kommenteringa til ARD) [29]
Belgia INR INR Paule Herreman [30]
NIR NIR TV Nic Bal [30]
Danmark DR Danmarks Radio TV Sejr Volmer-Sørensen [19]
Program 2
Frankrike RTF RTF Télévision Claude Darget [5][31]
France II Ukjend
Italia Rai Programma Nazionale Renato Tagliani [31][32]
Secondo Programma
Monaco TMC Télé Monte-Carlo Claude Darget [33]
RMC Radio Monte-Carlo Ukjend [31]
Nederland NTS NTS Piet te Nuyl jr. [30][34]
NRU Hilversum 1
Storbritannia BBC BBC Television Service Tom Sloan [18]
Sverige Sveriges Radio Sveriges Radio TV Jan Gabrielsson [35]
Sveits SF TV DRS Theodor Haller [5][31]
TSR TSR TV Claude Darget
RTSI TSI Ukjend
Radio Monte Ceneri Ukjend
DRS Radio Bern Ukjend
RSR Radio Genève Ukjend
Vest-Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Elena Gerhard [30][5]

Kommentatorar og overføringar i ikkje-deltakande land

[endre | endre wikiteksten]
Land Kringkastar Kanal Kommentator Kjelde
Luxembourg CLT Télé-Luxembourg Claude Darget [36]
  1. Victor M. Escudero (26. oktober 2017). «#ThrowbackThursday to 60 years ago: Eurovision 1957». eurovision.tv (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 6. desember 2022. 
  2. 2,0 2,1 Roxburgh, Gordon (2012). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Vol. One: The 1950s and 1960s. Telos Publishing. s. 184–192. ISBN 978-1-84583-065-6. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Cannes 1959 – overview». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 7. desember 2022. 
  4. Roxburgh, Gordon (2012). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Vol. One: The 1950s and 1960s. Telos Publishing. s. 160–165. ISBN 978-1-84583-065-6. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Les programmes de la Télévision». Radio Je vois tout – télévision (på fransk). Scriptorium Digital Library. 5. mars 1959. s. 20–21. Henta 7. desember 2022. 
  6. «Radioprogrammet». Sandefjords Blad (Nasjonalbiblioteket). 11. mars 1959. s. 8. 
  7. «[NRK P1 1959.03.11 : programrapport]». Norsk rikskringkasting. Nasjonalbiblioteket. 11. mars 1959. Henta 7. desember 2022. 
  8. «Eurovision Song Contest 1959 - full show». RTF/EBU (på fransk og engelsk). 11. mars 1959. Henta 7. desember 2022 – via YouTube. 
  9. Hung, Steffen. «TEDDY JOHNSON & PEARL CARR – Sing, Little Birdie». dutchcharts.nl. Dutch Charts. Henta 20. juli 2017. 
  10. «Sing Little Birdie – full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 20. juli 2017. 
  11. «The Monn-Keys – Det kommer en sommer / Syng lille sangfugl». Discogs (på engelsk). Henta 20. juli 2017. 
  12. Hung, Steffen. «Domenico Modugno – Piove (ciao ciao bambina)». hitparade.ch. Henta 20. juli 2017. 
  13. «Ciao, ciao, bambina – full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 20. juli 2017. 
  14. «Fransk singelliste (velg bokstaven M og skriv 'Domenico' i søkefeltet)». Infodisc.fr. Henta 20. juli 2017. 
  15. «Bruno Martino». topplista.no. IFPI Norge. Henta 7. juli 2022. 
  16. «Domenico Modugno - Chart history | Billboard». www.billboard.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. oktober 2016. Henta 20. juli 2017. 
  17. «Billboard Hot 100 – mars 1959». Billboard Hot 100 (på engelsk). Billboard. 2. januar 2013. Henta 7. juli 2022. 
  18. 18,0 18,1 «Television Programmes – Wednesday Evening». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 6. mars 1959. s. 19. Henta 7. desember 2022. 
  19. 19,0 19,1 «Programoversigt – Program 2 / Fjernsyn – 11-03-1959» (PDF). DR Sendeplan (på dansk). Dansk Kulturarv. 11. mars 1959. Arkivert frå originalen 11. juni 2022. Henta 7. desember 2022. 
  20. «Participants of Cannes 1959». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 7. juli 2022. 
  21. «1959 – Diggiloo Thrush». www.diggiloo.net. Henta 11. august 2023. 
  22. «Participants of Cannes 1959». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 11. august 2023. 
  23. «Results of the Final of Cannes 1959». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 7. juli 2022. 
  24. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  25. 25,0 25,1 «The Eurovision Song Contest (1959) - IMDb». Henta 7. juli 2022. 
  26. Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 20–21. ISBN 91-89136-29-2. 
  27. «Succes van Teddy Scholten in Cannes met „Een beetje"». Nieuwe Leidsche Courant (på nederlandsk). Historische Kranten, Erfgoed Leiden en Omstreken. 12. mars 1959. s. 5. Henta 7. desember 2022. 
  28. Abbate, Mauro (7. mai 2022). «Italia all'Eurovision Song Contest: tutti i numeri del nostro Paese nella kermesse europea» (på italiensk). Notizie Musica. Arkivert frå originalen 9. juni 2022. Henta 1. juli 2022. 
  29. «Ferry Graf – Austria 1959». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 13. mai 2018. Henta 7. desember 2022. 
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 «Programma's binnen- en buitenlandse zenders». De Telegraaf (på nederlandsk). Gevonden in Delpher. 10. mars 1959. s. 17. Henta 7. desember 2022. 
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 «Programmes des Émissions Suisses et Étrangères». Radio Je vois tout – télévision (på fransk). Scriptorium Digital Library. 11. mars 1959. s. 38–40. Henta 7. desember 2022. 
  32. «Oggi e domani alla Radio». La Stampa (på italiensk). La Stampa – Consultazione Archivio. 11. mars 1959. s. 8. Henta 7. desember 2022. 
  33. «Monaco 1959». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 7. desember 2022. 
  34. Bert Pasterkamp (11. mars 1959). «Modugno in Cannes en... het regent». Het vrije volk : democratisch-socialistisch dagblad (på nederlandsk). Gevonden in Delpher. s. 1. Henta 7. desember 2022. 
  35. Thorsson, Leif (2006). Melodifestivalen genom tiderna. Premium Publishing AB. s. 14. ISBN 91-89136-29-2. 
  36. «Télé-Luxembourg». Luxemburger Wort (på tysk og fransk). viewer.eluxemburgensia.lu. 10. mars 1959. s. 4. Henta 7. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]