Etablissementet
Utsjånad
Etablissementet syner generelt til ei dominerande gruppe eller ein elite som har makta eller autoriteten i ein nasjon eller ein organisasjon. Etablissementet kan vere ei lukka samfunnsgruppe som vel ut medlemmane sine eller spesifikke forskansa elitestrukturar, anten i regjering eller i særskilde institusjonar.
American Sociological Association seier at omgrepet ofte vert nytta av dei som demonstrerer mot ei lita gruppe som dominerer ein større organisasjon.[1] I røynda kan alle relativt små klassar eller grupper som har kontroll, kallast Etablissementet og dei som ikkje høyrer til Etablissementet kan kallast ein «framand».[2][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Establishment» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Alan Barcan, Sociological theory and educational reality (1993) p. 150
- ↑ Elias, Norbert; Scotson, John L (1965). The Established and the Outsiders. OCLC 655412048.Mal:Page needed
- ↑ Elias, Norbert; Martins, Herminio; Whitley, Richard (1982). Scientific Establishments and Hierarchies. Dordrecht: Reidel. ISBN 978-90-277-1322-3.