Eric Addo
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 12. november 1978 | ||
Fødestad | Accra i Ghana | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar, midtbane | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Roda | ||
Nummer | 3 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1996 1996-99 1999-2009 2002-04 2009 2009- |
Noble Harrics Club Brugge PSV Roda(lån) Roda (lån) Roda |
- 65 (5) 82 (3) 27 (0) 6 (1) 13 (0) | |
Landslag | |||
1998- | Ghana | 23 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mai 2009 |
Eric Addo, (fødd 12. november 1978 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som har spela for Roda i nederlandsk Eredivisie, og for det ghanesiske landslaget.
Addo drog til Europa og Club Brugge i Belgia i 1996, som 18-åring. I 1997/98-sesongen, då Club Brugge vann serien i Belgia, vart han kåra til årets unge spelar i Belgia og årets spelar i Ghana. Han vann òg den belgiske ibenholt-skoen, ein pris for beste afrikanske spelar i den belgiske ligaen. Sommaren 1999 gjekk han til PSV i Nederland, men dei første tre åra der var han for det meste skada eller innbytar. Han vart lånt ut til Roda i to år, før han endeleg vart fast på laget då PSV vann serien i Nederland i 2006. PSV vann serien seks gonger i dei ti åra Addo var i klubben. I oktober 2007 vart Addo utestengd i fire kampar av UEFA etter å ha spytta på ein Fenerbahçe-spelar under ein Meisterliga-kamp. I juni 2009 gjekk han over til Roda på permanent basis, og skreiv under på ein toårskontrakt med klubben.
Addo fekk sjansen til å representera Belgia sitt landslag i 1998, men valde i staden å spela for fødelandet, Ghana. Etter å ha spelt i Afrikameisterskapen i 1998 for Ghana, var han ute av landslaget i seks år. I 2006 var han i troppen til fotball-VM, der han spelte alle Ghana sine fire kampar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 5. mai 2010.