Emiratet Sharjah
Emiratet Sharjah | |||
إمارة الشارقةّ, Imārat al-Shāriqa | |||
Emirat | |||
|
|||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Del av | Dei sameinte arabiske emirata | ||
Hovudstad | Sharjah | ||
Areal | 2 590 km² | ||
Folketal | 1 405 843 (2015)[1] | ||
Emir | Sultan bin Muhammed Al-Qasimi | ||
Emiratet Sharjah 25°21′00″N 55°25′59″E / 25.35°N 55.433055555556°E | |||
Kart som viser Emiratet Sharjah.
| |||
Wikimedia Commons: Emirate of Sharjah |
Emiratet Sharjah (arabisk الشارقة, romanisert Aš Šāriqah) er eit av emirata i Dei sameinte arabiske emirata. Emiratet dekkjer eit areal på 2 590 km² og har eit folketal på over 1 405 000 innbyggjarar i 2015. Emiratet Sharjah består av hovudstaden Sharjah, som han er kalla opp etter, og mindre byar og eksklavar som Kalba, Dibba Al-Hisn og Khor Fakkan.
Emiratet er eit konstitusjonelt monarki.[2] Det har vore styrt av Sultan bin Mohamed Al-Qasimi sidan 1972.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein har gjort mange funn av tidlege busetnader, som økser og steinreiskap frå bronse- og jernalderen, i Al Dhaid, Madam og Faya.[3] Historisk sett var emiratet ein av dei rikaste byane i regionen.[4]
Kring 1727 tok Al Qasimi-klanen kontroll over Sharjah og erklærte eininga sjølvstendig.
Den første av ei lang rekkje trefningar til sjøs mellom fartøya til Al Qasimi og britiske fartøy, fann stad i 1797, då det britiske «Bassein Snow» vart kapra og sleppt laus att to dagar seinare. Jageren «Viper» vart så angripen utafor Bushire. Ein periode med stor ustabilitet følgde så langs kysten, med mange trefningar mellom britane og Al Qasimi i tillegg til at leiarskapet og lojaliteten mellom herskarane i Ras Al Khaimah, Ajman og Sharjah stadig endra seg. Sjeik Sultan bin Saqr Al Qasimi hevda suverenitet «over alle Joasmee-hamnene» i 1823, eit krav som vart anerkjend av britane på den tida.
Den 8. januar 1820, signerte sjeik Sultan bin Saqr Al Qasimi ein maritim avtale med britane, og aksepterte ein protektoratstatus for å halde dei osmanske tyrkarane på avstand. Etter avtalen gjekk ut, signerte Sharjah og andre sjeikdøme i det som då vart kalla Den arabiske kysten, ein fredsavtale med britane som gav opphav til Traktatstatane.[5]
Som dei fire naboemirata Ajman, Dubai, Ras al-Khaimah og Umm al-Qaiwain, gjorde plasseringa langs handelsrutene til India emirata viktige nok til at dei blei rekna som ein saluttstat.
På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var perledykking den viktigaste næringa i Sharjah. Ei britisk undersøking i 1830 nemnte tre til fire hundre båtar som fiska etter perler i sesongen.[6]
I 1932 oppretta Imperial Airways ei fast flyrute via Sharjah, som var eit stopp over natta langs den austlege flyruta. Al Mahatta Fort vart bygd for å huse passasjerane til flyselskapet.
Den 2. desember 1971, vart Sharjah under sjeik Khalid bin Muhammed Al Qasimi (sjeik Khalid) ein del av Dei sameinte arabiske emirata.[7] Den 24. januar 1972 iverksette den tidlegare sjeik Saqr eit venstreorientert kupp. Sjeik Khalid hadde tidlegare avsettt Saqr og sjeik Khalid hadde gjeve ordre om å øydeleggje Sharjah fort (Al Hisn Sharjah). Saqr tok over palasset til Khalid, heldt han i husarrest og i det påfølgjande uordenen som oppstod, vart sjeik Khalid drepen. Saqr vart arrestert og bror til Khalid, Sultan bin Muhammed Al-Qasimi, ein forfattar og historikar, kom til makta.[8]
I 1987 iverksette broren til sultanen, Abdulaziz, eit kupp, medan sultanen var utanlands. Stor nasjonal gjeld var oppgjeve som årsaka. President Zaeyed i emirata fordømde kuppet og kom til ein avtale om å få Sultan sett inn att, medan Abdulaziz skulle bli nestleiar. Sultan viste Abdulaziz bort kort tid etter. I 1999 døydde kronprinsen (den eldste sonen til sultanen) av ein overdose då han var på ferie i England. Sultanen valde å vitne i retten i Storbritannia.
Regentar
[endre | endre wikiteksten]Regjeringstid | Fødd | Død | Namn | Merknad |
---|---|---|---|---|
1727 c. - 1777 | sjeik Rashid bin Matar bin Rahma Al Qasimi | |||
1777–1803 | sjeik Saqr I bin Rashid Al Qasimi | |||
1803–1840 | 1866 | sjeik Sultan I bin Saqr Al Qasimi | 1. gong | |
1840 | sjeik Saqr bin Sultan Al Qasimi | |||
1840–1866 | 1866 | sjeik Sultan I bin Saqr Al Qasimi | 2. gong | |
1866 - 1868 (14. april) | 1886 | sjeik Khalid I bin Sultan Al Qasimi | ||
1868 (14. april) - 1883 (mars)
1869-1983 i lag med nestleiaren || || 1919 || sjeik Salim bin Sultan Al Qasimi || | ||||
1869–1871 | sjeik Ibrahim bin Sultan Al Qasimi | |||
1883 (mars) - 1914 | 1914 | sjeik Saqr II bin Khalid Al Qasimi | ||
1914 (13. april) - 1924 (21. november) | sjeik Khalid II bin Ahmad Al Qasimi | |||
1924 (21. november) - 1951 | 1951 | sjeik Sultan II bin Saqr Al Qasimi | ||
1951 - 1951 (mai) | sjeik Muhammed bin Saqr Al Qasimi | |||
1951 (mai) - 1965 (24. juni) | 1925 | 1993 | sjeik Saqr III bin Sultan Al Qasimi | |
1965 (24. juni) - 1972 (24. januar) | 1931 | 1972 | sjeik Khalid III bin Muhammed Al Qasimi | |
1972 (25. januar) - 1972 | sjeik Saqr bin Muhammed Al Qasimi | Fungerande | ||
1972 - 1987 (17. juni) | 1939 | sjeik Dr. Sultan III bin Muhammed Al Qasimi | 1. gong | |
1987 (17. juni) - 1987 (23. juni) | 1937 | 2004 | sjeik `Abd al-`Aziz bin Muhammed Al Qasimi | |
1987 (23. juni) - present | 1939 | sjeik Dr. Sultan III bin Muhammed Al Qasimi | 2. gong[9] |
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Sharjah er det tredje største emiratet i Dei sameinte arabiske emirata, og er det einate som har landområde både ved Persiabukta og Omanbukta. Emiratet dekkjer 2 590 km², som utgjer 3,3 % av det samla arealet til Emirata, utanom øyane. Det har eit folketal på over 900 000.[10]
Emiratet Sharjah består av byen Sharjah (setet i emiratet), og andre mindre byar og enklavar. Byen Sharjah, som ligg ved Persiabukta, hadde i 2003 519 000 innbyggjarar.
Sharjah by grensar til Dubai i sør og Ajman i nord og dei tre dannar eit storbyområde.
Byen ligg kring 170 km frå hovudstaden i landet, Abu Dhabi.
Sharjah har òg tre enklavar på austkysten, ved Omanbukta. Desse er Kalba, Dibba Al-Hisn og Khor Fakkan, som gjer at Sharjah har ei stor hamn i aust. I Persiabukta høyrer øya Sir Abu Nu’ayr til Sharjah,[10] og Abu Musa vert gjort krav på av Emirata, men vert kontrollert av Iran. Sharjah har ein eksklave med landsbyen Nahwa, som ligg inne i den omanske enklaven Madha, som grensar til Fujairah og Sharjah.
Sharjah har òg nokre viktige oaseområde, som den fruktbare Dhaid-regionen, der det vert dyrka frukt og grønsaker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Emiratet Sharjah» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2016.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.gdnonline.com/Details/155636/Sharjah-population-tops-1405-million.
- ↑ https://www.sheikhdrsultan.ae/portal/en/home.aspx
- ↑ «Another ancient Sharjah site found by archaeologists | The National». Henta 7. juni 2016.
- ↑ Lorimer, John (1908). Gazeteer of Persiabukta, Oman and Central Arabia. Bombay: Government of India. s. 1451.
- ↑ Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960 Vol 1. UK: Archive Editions. s. 139. ISBN 978-1-85207-275-9.
- ↑ Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960. UK: Archive Editions. s. 544. ISBN 978-1-85207-275-9.
- ↑ «Radical Sheik». New York Times. January 30, 1972. s. E4.
- ↑ Jessup, John E. (1998). An encyclopedic dictionary of conflict and conflict resolution, 1945-1996. Greenwood Press. s. 773. ISBN 9780313281129.
- ↑ «Sharjah». 40 Years of the UAE. Arkivert frå originalen 25. april 2012. Henta 11. mai 2012.
- ↑ 10,0 10,1 «Sharjah offers demand for property investment, says Cluttons». Overseas Property Professional. August 2011. Henta 11. mai 2012.