Hopp til innhald

Elektronisk trommesett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit elektronisk trommesett

Elektronisk trommesett er eit elektronisk perkusjonsinstrument som har vore tilgjengeleg på marknaden sidan seint på 1970-talet. Slike trommesett etterliknar ofte akustiske trommesett, men kvar del består av flate pads som fangar opp tilslaga og sender informasjonen vidare till ein elektronisk trommemodul som skapar lyden.

Roland, Yamaha og Alesis er nokre merke som skapar trommemodular.

Bill Bruford og Phil Collins er to musikarar som som spelte med elektroniske trommesett på 1980-talet.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.