Du gamla, du fria
«Du gamla, du fria» er Sverige sin nasjonalsong, skriven av Richard Dybeck i 1844 til ein gamal folkemelodi. I motsetnad til mange andre nasjonalsongar har det aldri vorte fatta noko offisielt politisk vedtak som stadfestar «Du gamla, du fria» som nasjonalsong. Statusen til songen som nasjonalsong kviler fullstendig på tradisjonen.
Dybecks to vers er farga av den då rådande skandinavismen og handlar om Norden snarare enn om Sverige. Gjennom åra har det vore gjort fleire forsøk på å lansere tilleggsstrofer som tydelegare framhever namnet og landet Sverige, bl.a. skreiv operasångaren Carl Fredrik Lundqvist ei tredje strofe som børjar «Jag älskar dig Sverige», og den har truleg lege til grunn for det verset som nedanfor er oppført som det tredje verset, og som likt det fjerde verset er skrive av Louise Ahlén. Versa var publiserte i eit par songbøker i 1910, men dei er lite bruka no.
Teksten
[endre | endre wikiteksten]1. Du gamla, Du fria, Du fjällhöga nord 2. |
3. Jag städs vill dig tjäna mitt älskade land, 4. |