Hopp til innhald

Doolin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doolin
Doolin sett frå sørvest
Land  Irland
Fylke County Clare
Provins Munster
Kart
Doolin
53°01′05″N 9°22′37″W / 53.018°N 9.377°W / 53.018; -9.377
Wikimedia Commons: Doolin

Doolin (irsk Dúlainn) er ein landsby ved atlanterhavskysten i County Clare i Irland. Nabobyen er Lisdoonvarna. Doolin er eit velkjent senter for irsk folkemusikk, med konsertar kvar kveld i pubane her.

I området rundt landsbyen finst fleire stader av arkeologisk interesse, mange kan daterast tilbake til jernalderen og tidlegare. Borgene Doonagore Castle og Ballinalacken Castle ligg også i området.

Kart som viser plasseringa av Doolin på vestkysten av Irland

Doolin er ein av tre stader som har ferjesamband med Aranøyane, dei to andre er Galway og landsbyen Rossaveal på nordsida av Galwaybukta. Øyeae er synlege frå Doolin. Moherklippene ligg også i nærleiken. Doolin ligg i det sørvestlege hjørnet av Burren-området.