Dialog
Utsjånad
Dialog tyder hovudsakleg samtale mellom to partar, og blir ofte sett opp som motsats til einetale, eller monolog. I ein dialog kan begge partar ytra seg og bli høyrd. Å oppfordra til dialog blir dermed sett på som ein måte å skapa forståing og jamna ut motsetningar på.
Dialogen er kjend som verkemiddel innan retorikk og opplysing frå vedisk India og Antikkens Hellas. I sistnemnde blei han utvikla til ein litterær sjanger som særleg blei brukt av greske filosofar, til dømes Platon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dialog» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2008.