Hopp til innhald

Canche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canche
elv
Canche ved Montreuil-sur-Mer.
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 1 274 km²
Lengd 88 km
Middelvassføring 15,1 /s
Kjelde Pas-de-Calais
Munning Den engelske kanalen
Kart
Canche
50°32′27″N 1°35′56″E / 50.540833333333°N 1.5988888888889°E / 50.540833333333; 1.5988888888889
Wikimedia Commons: Canche

Canche er ei av dei små kalkelvane i Frankrike som renn frå platået sør i Boulonnais og Picardie og ut i Den engelske kanalen. Elva Somme er den største av desse elvane. Nedslagsfeltet til Canche er 1 274 kvadratkilometer og ligg i den sørlege delen av departementet Pas-de-Calais. Elva har ein gjennomsnittleg hellingsgrad på 1,5 %.

Elva har sitt utspring ved Gouy-en-Ternois og passerer Frévent, Hesdin, Montreuil-sur-Mer før ho renn ut av kalkområdet og ut mot kysten mellom Étaples og Le Touquet-Paris-Plage. Dei største sideelvane hennar er Ternoise, Planquette, Créquoise, Bras de Bronne, Course, Dordogne og Huitrepin, som alle ligg på høgre side. På grunn av terrenget er det ingen større sideelvar på venstresida (i sør) før Grande Tringue, som renn ut i elvemunningen til Canche.