Bourne Shell
Utsjånad
Bourne Shell | |||
| |||
Utviklar | Stephen R. Bourne | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 1979 | ||
Operativsystem | Unix | ||
Type | Unix-skal |
Bourne Shell (sh) er ein kommandofortolkar som var det første Unix-skalet. Det vart laga av Stephen R. Bourne, som byrja kodinga i 1976.[1] Bourne Shell er eit relativt enkelt språk. Det inneheld nok funksjonalitet til å lage enkle strukturerte dataprogram. Det har lite funksjonalitet for interaktiv bruk.
Ettersom Bourne Shell finst på nær sagt kvar datamaskin som køyrer eit Unix- eller Unix-liknande operativsystem er Bourne Shell mykje brukt som programmeringsspråk til automatisering av oppgåver.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «BSDCan2015: Keynote», www.bsdcan.org, 17. april 2016, henta 20. november 2023