Hopp til innhald

Bokstavrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bokstavrim, også kalla allitterasjon, er ei form for rim der ord som rimer har lydlikskap i byrjinga av dei fyrste trykksterke stavingane. Ein oppnår bokstavrim ved å rima like konsonantar med kvarandre, medan vokalar ofte kan forma rimet både når dei er like og ulike.

Bruk av bokstavrim

[endre | endre wikiteksten]

Bokstavrim eller stavrim var eit viktig verkemiddel i norrøn dikting. Det er òg blitt nytta i nyare norsk (og anna) dikting, men meir som verkemiddel enn som påkravd del av diktet.

Fordi eit uttrykk som inneheld bokstavrim høyrest fint ut kan det òg bli brukt som verkemiddel utanfor diktarkunsten, til dømes i talar, overskrifter eller i faste uttrykk.

  • Faste uttrykk:
    • Synd og skam
    • Skjels år og alder
Elds er þörf,
þeims inn er kominn
ok á kkalinn;
matar ok váða
er manni þörf,
þeim er hefr um fjall farit.

(Kjelde: heimskringla.no)

Eld han treng
som inn er komen
og om kne kulsar.
Til mat og klede
den mann hev trong
som hev i fjellet fari.

(I nynorsk omsetjing av Ivar Mortensson-Egnund)

De unge bjerkene i svarte byen
de står og bruser med sitt lyse løv,
som om de åndet store skogers vårluft
og ikke skorstensrøk og gatestøv.