Hopp til innhald

Bissau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bissau
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Guinea-Bissau
Areal 77,5 km²
Folketal 492 004 (2015)
Kart
Bissau
11°51′33″N 15°35′44″W / 11.859166666667°N 15.595555555556°W / 11.859166666667; -15.595555555556
Wikimedia Commons: Bissau

Bissau (portugisisk uttale biˈsaw) er hovudstaden i Guinea-Bissau. Han ligg ved utlaupet til elva Geba i Atlanterhavet, og er ein viktig hamneby. Byen hadde eit innbyggjartal på 492 004 i 2015.[1] Han er den største byen og hamna i Guinea-Bissau, med utførsla av kopra, palmeolja, ris og meir. Han har ei internasjonal lufthamn, eit universitet og eit forskingsinstitutt.[2]

Før europearar kom til området, tilhøyrde det eit kongerike styrt av papelfolk. Ifølgje munnleg overlevering var dette riket skipa av Mecau, sonen av kongen av Quinara (Guinala), som flytta til staden med den svangre systera si, seks koner og undersåttar frå riket til faren. I riket var det sju klanar som stamma frå systera og dei seks konene. Bossassun-klanen, som stamma frå systera, hadde arverett på trona.[3]

Sentrum av Bissau på 1960-talet, då byen var hovudstad for Portugisisk Guinea.

Bissau vart grunnlagd i 1687 av portugisarane og hadde på 1700- og 1800-talet stor slavehandel.[2] Byen tok over for Bolama som hovudstad i Portugisisk Guinea i 1942. Då geriljagruppa PAIGC erklærte sjølvstende i 1973 var hovudstaden for opprørsområdet Madina do Boe, medan Bissau vart verande kolonihovustad. Byen kom under åta frå nasjonalistiske styrkar i 1968 og 1971.[4] Portugal gjekk med på sjølvstendet i 1974, etter Nellikrevolusjonen, og Bissau var hovudstad for den nye frie staten.

Ved byrjinga og slutten av borgarkrigen i Guinea-Bissau frå 1998 til 1999 var det harde kampar i byen.[5] Mykje av infrastrukturen vart øydelagd, og nesten heile folkesetnaden flykta frå byen.[2] Bissau har sidan vorte gjenoppbygd, og over 25 % av innbyggjarane budde her ved folketeljinga i 2009.[6]

Geografi og klima

[endre | endre wikiteksten]

Bissau ligg 11°52' nord og 15°36' vest (11.86667, -15.60), ved esturaet til Geba-elva ved kysten av Atlanterhavet. Området rundt Bissau er ekstremt lågtliggande, og elva er seglbar for havgåande fartøy sjølv om ho har lita vassføring i kring 80 km frå byen.

Bissau har tropisk savanneklima (Köppen Aw), ikkje vått nok til å kvalifisera som tropisk monsunklima (Am), men mykje våtare enn dei fleste klima av sin type.

Det fell nesten ikkje regn frå november til mai, men i dei gjenverande fem månadane av året får byen rundt 2000 mm nedbør.

Vêrdata for Bissau, Guinea-Bissau (1974–1994)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 36,7 38,3 38,9 41,1 39,4 35,6 33,3 32,8 33,9 34,4 35 35,6 41,1
Gjennomsnittleg maks °C 31,1 32,8 33,9 33,3 32,8 31,1 29,4 30 30 31,1 31,7 30,6 31,5
Døgnmiddeltemperatur °C 24,4 25,6 26,6 27 27,5 26,9 26,1 26,4 26,4 27 26,9 24,8 26,3
Gjennomsnittleg min °C 17,8 18,3 19,4 20,6 22,2 22,8 22,8 22,8 22,8 22,8 22,2 18,9 21,1
Lågast målte °C 12,2 13,3 15,6 16,7 17,2 19,4 19,4 19,4 19,4 20 15 12,8 12,2
Gjennomsnittleg regn mm 0,5 0,8 0,5 0,8 17,3 174,8 472,5 682,5 434,9 194,8 41,4 2 2 022,8
Gns. solskinstimar i månaden 248 226 279 270 248 210 186 155 180 217 240 248 2 707
Kjelde 1: Sistema de Clasificación Bioclimática Mundial[7]
Kjelde 2: World Climate Guides (sunshine only)[8]
  1. «Africa by Country Internet User Stats and 2017 Population». internetworldstats.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 4. august 2019. Henta 1. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Bissau». Store norske leksikon. Henta 8. mars 2010. 
  3. Nanque, Neemias Antonio (2016). Revoltas e resistências dos Papéis da Guiné-Bissau contra o Colonialismo Português – 1886–1915 (PDF) (Trabalho de conclusão de curso). Universidade da Integração Internacional da Lusofonia Afro-Brasileira. Arkivert frå originalen (PDF) 20. september 2022. Henta 24. november 2022. 
  4. Mendy & Lobban 2013, s. 56.
  5. «Guinea-Bissau». Uppsala Conflict Data Program Conflict Encyclopedia. Uppsala University. Arkivert frå originalen 31. desember 2013. Henta 12. juli 2013. 
  6. Mendy & Lobban 2013, s. 55.
  7. «GUINEA-BISSAU - BISSAU». Centro de Investigaciones Fitosociológicas. Arkivert frå originalen 7. august 2007. Henta 4. oktober 2011. 
  8. «Bissau Climate Guide». Centro de Investigaciones Fitosociológicas. Arkivert frå originalen 7. august 2007. Henta 4. oktober 2011. 
Bibliografi