Aucklandskarv
Aucklandskarv | |
Foto frå Enderby Island, januar 2006 Foto: M. Murphy
| |
Status | |
Status i verda: Sårbar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Skarvefamilien Phalacrocoracidae |
Slekt: | Leucocarbo |
Art: | Aucklandskarv L. colensoi |
Vitskapleg namn | |
Leucocarbo colensoi |
Aucklandskarv (Phalacrocorax colensoi) er ein kystbunden sjøfugl i skarvefamilien. Han er endemisk for Aucklandøyane, sør for New Zealand.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein mellomstor skarveart, ca. 63 centimeter med kroppssvekt på rundt 2 kilogram. Fjørdrakta er i svart og kvitt. Strupen og heile undersida til undergump er kvit, vengene har kvite flekker som formar seg til eit band når vengene er folda saman. Eit felt av berr hud rett under nebbrota er i blågrått og får raud farge i hekketida. Beina er bleikraude, og augeringen er blå.
Aucklandskarven hekkar på Aucklandøyane og kan elles treffast berre i kystområdet ved Aucklandøyane og i havet utanfor øyane. Han er mest vanleg ved sørlege og austlege sider av øygruppa. Fuglane kan opptre i flokkar, både under beiting og kvile.
Dietten består mellom anna av småfisk og marine virvellause dyr.
Reira er bygd av tang, guano, gras torv og kvister. Reirplassen ligg ofte under overheng av fjell eller under tre. Kullet er på 3 egg og egga blir lagt med intervall på 2, 3 eller 4 dagar. Klekkinga skjer etter ca. 28 dagar. Hekketida er frå november til februar.
Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til ca. 4 500 individ (2012), og er trudd å vere stabil.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Phalacrocorax colensoi Arkivert 2014-10-16 ved Wayback Machine.. Henta frå https://www.birdlife.org den 29. desember 2012.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ BirdLife International 2012