As-Samu
As Samu' | |||
السموع, es Samu', Samua | |||
kommune | |||
Ruinane av den gamle Eshtemoei synagoge
| |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°24′02.85″N 35°04′01.47″E / 31.4007917°N 35.0670750°E | ||
Areal | 13,8 km² | ||
Folketal | 19 649 (2007) | ||
Folketettleik | 1 424 / km² | ||
As-Samu 31°24′03″N 35°04′01″E / 31.400791666667°N 35.067075°E | |||
Kart som viser As-Samu.
| |||
Wikimedia Commons: As-Samu |
As Samu' eller es-Samu' (arabisk السموع) er ein by i Hebron guvernement på Vestbreidda i Dei palestinske territoria, 12 kilometer sør for byen Hebron og 60 kilometer sørvest for Jerusalem. Edward Robinson identifiserte byen som den bibelske Eshtemoa.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Området er åslendt med fleire dalar. Våpenkvilelinja frå 1949 (Den grøne linja) strekkjer seg aust til vest, kring fem kilometer sør for Samu. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 19 649 i 2007.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]På 1100-talet bygde krossfararar ei borg her, som var ein del av den austlege forsvarslinja deira. I 1838 identifiserte Edward Robinson byen Semua som den bibelske Eshtemoa.[3] Eshtemoa, som tyder «lydigheit», var eigd av prestar og nemnt i Josvas bok (19:50, 21:14), i Samuel I (30:25) og i Krønikebøkene I (4:17, 6:42).
Jerusalem Talmud nemner Eshtemoa i tillegg til ein amora som var aktiv i byen på 300-talet, kalla Hasa av Eshtemoa.[4] Eusebius frå Cæsarea (300-talet) skildrar Eshtemoa i Onomasticon som ein jødisk by i 'Daroma', nord for Aniam, innafor Eleutheropolis-regionen (Bet Guvrin). Under romersk og bysantinsk tid vart Eshtemoa skildra som ein stor jødisk landsby.[5]
I 1934 vart ruinane av ei eldgamal synagoge oppdaga og staden vart grave ut i 1969.[6]
I 1966 sette Israel i gang eit storskala åtak mot byen, som førte til at femten jordanske soldatar og tre jordanske sivile mista livet. 44 andre soldatar og 96 sivile vart skadde. Den israelske kommandanten vart drepen, medan ti andre israelske soldtar vart skadde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «As-Samu» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Robinson, Edward (1856). Biblical Researches in Palestine, vol.I. s. 494.
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.121.
- ↑ Robinson, Edward (1856). Biblical Researches in Palestine, vol.I. s. 494.
- ↑ Ben-Zion Rosenfeld (2009). Torah Sentrals and Rabbinic Activity in Palestine 70-400 C.e: Historie and Geographic Distribution. BRILL. s. 81. ISBN 978-90-04-17838-0. Henta 12. juni 2011.
- ↑ Avraham Negev; Shimon Gibson (July 2005). Archaeological encyclopedia of the Holy Land. Continuum International Publishing Group. s. 167–168. ISBN 978-0-8264-8571-7. Henta 27. september 2014.
- ↑ «על מקור תוכניותיהם של בתי-הכנסת בדרום הר-יהודה» [Sources for the Plans of the Synagogues in Southern Hebron-fjellet] (på hebraisk). Snunit.k12.il. Henta 5. september 2015.