Amanda Peet
Utsjånad
Amanda Peet | |||
| |||
Fødd | 11. januar 1972 (52 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Aktive år | 1995– | ||
Verka som | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skribent, teaterskodespelar, TV-produsent | ||
Mor | Penny Peet | ||
Ektefelle | David Benioff |
Amanda Peet (fødd 11. januar 1972) er ein amerikansk skodespelar. Ho har opptredd i fjernsyn, film og på teater.
Peet er fødd i New York. Ho studerte historie ved Columbia University, der ho også tok eit dramakurs under Uta Hagen. Peet spelte først i TV-reklamar, og gjekk deretter gradene med mindre rollar i fjernsynsseriar og indiefilmar. Ho blei betre kjend gjennom rollar i større filmar som The Whole Nine Yards (2000), og fekk større rollar i filmar som Something's Gotta Give (2003) og Syriana (2005). Peet har også hatt rollar i skodespel ved Broadway, som Barefoot in the Park i 2006.
Denne filmartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.