Algerøya i Russland
Utsjånad
Algerøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Areal | 45 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Algerøya i Russland 80°23′09″N 56°01′49″E / 80.385833333333°N 56.030277777778°E |
Algerøya (russisk Остров Алджер, Ostrov Aldzjer) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.
Ho er 10 km lang og 4,7 km på det breiaste. Det høgaste punktet i 429 meter over havet. Øya er stort sett utan isbrear og har berre ein relativt liten isbre lengst nord.
Algerøya ligg nord for McClintockøya og mellom dei går eit 2 km breitt sund.
Vinteren 1901 overvintra den mislukka amerikanske Baldwin-Ziegler-ekspedisjonen på Algerøya. Dei kalla øya opp etter den amerikanske forfattaren Horatio Alger, som var ein viktig person i amerikansk kultur og samfunnsliv på denne tida.
Utanfor sørvestkysten av Algerøya ligg Ostrov Matildy (Остров Матильди) eller Matildeøya, ei lita øy som berre er om lag 1 km lang.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alger Island, Russia» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: